– Laget har absolutt eit islandsk preg








I front for Volda handball regjerer ein islandsk trio frå Reykjavik.

Den islandske invasjonen




Frå VIKING til VOLDING








TEKST: Martin Langeveld
FOTO: Jonas Otnheim, Sander Dahle, Martin Langeveld


Vi islendingar likar å vere detaljerte i arbeidet vårt

FOTO: handballtv.com

FOTO: handballtv.com

Taktikaren

_


Halldor Stefan Haraldsson var den første som kom til Volda av dagens islendingar.

FOTO: Joachim Åsebø

FOTO: Joachim Åsebø

– Eg trur ikkje eg hadde blitt verdas beste, men ein spelar på eit godt islandsk eller norsk nivå

___________________________________________________________________
___________________________________________________________________
Haraldsson starta å spela handball allereie då han var 5 år.

___________________________________________________________________

___________________________________________________________________
Han fekk to sesongar i den islandske eliteserien for laget HK Kópavogs, men ein belastningsskade sette ein stoppar for draumen.

__________________________________________________

– Det var tungt å mista identiteten som spelar, men heldigvis fann eg ein ny idenditet.

FOTO: Privat

FOTO: Privat

For det å leia eit lag har islendingen hatt sans for så lenge han kan hugse.

Allereie som 13-åring fekk han trena aldersbestemte lag ved siden av å spele sjølv. Det var derfor naturleg å satsa fullt når skadane kom.

– Eg har alltid hatt ein sans for det taktiske spelet, og damehandball har særleg interessert meg.

Motivasjonen og draumane vart større, og etter å ha leidd både Fylkirs Jenter 16 og 18 til islandske meistrar, vart Haraldsson tilsett som hovudtrenar for seniorlaget

Etter fem gode sesongar, med semifinale i cupen som det største høgdepunktet, byrja fleire å merka seg den unge trenaren.

Plutseleg kom det ein telefon frå Volda.

FOTO: Privat
Foto: Privat


– Timinga var veldig viktig

FOTO: Privat

FOTO: Privat

Eg fekk ein telefon om eg ville flytta til Noreg og bli trenar for Volda. Det var tid for å prøva noko nytt 

Volda Handball stod utan ryggrad i 2. divisjon, etter nokre år med trenarar som fekk lite ut av laget.

Då tok Volda kontakt med Førde-trenar Kristinn Gudmundsson, som tidlegare hadde vore trenar for laget.

"Kiddi" drog eit ess opp av ermet. Eg skjønte etterkvart at vi hadde fått tak i ein juvel.
Bent Ingebrigtsen, nestleiar Volda handball.

For Haraldsson var draumen å vere trenar i Skandinavia, så då Volda kom på banen, var det vanskeleg å seie nei.

Med seg tok han kjærasten Sara Gudjonsdottir og sonen Haddur Gardar.

– Det passa bra for både meg og familien. Vi liker oss på små stader, der ein kan ta livet mest mogleg med ro.

Med eit lag stort sett beståande av unge regionspelarar, har Haraldsson tatt Volda Handball frå 2. divisjon, til å bli eit topplag som kjempar om opprykk kvart år i den nest øvste divisjonen.

– Vi islendingar er kjente for å ikkje gi opp, og sjølv om oddsen er imot, kan ein alltid vinna.

– Det er den mentaliteten eg vil at jentene skal ha.

I mai 2020 signerte han ein ny toårskontrakt med klubben, i det som no er Haraldsson sin femte sesong i handballbygda.

Islandsk import

Med den islandske bakgrunnen sin kjenner Haraldsson godt til spelarmarknaden i heimlandet. Dette viste trenaren tidleg ved å signere sin tidlegare spelar Thea Imani Sturludottir.

Sturludottir var ein av Voldas beste i to år, så god at ho gjekk vidare til eliteserieklubben Oppsal.

Det var berre starten på den islandske importen. Same året tok trenaren kontakt med endå ei gammal kjenning: Sara Dögg Hjaltadottir.

Halldor Stefan Haraldsson då han signerte for Volda HK i 2016. FOTO: Ove Krumsvik

Halldor Stefan Haraldsson då han signerte for Volda HK i 2016. FOTO: Ove Krumsvik

Halldor med forloveren Sara Gudjonsdottir og sonen Haddur Garðar. FOTO: Privat

Halldor med forloveren Sara Gudjonsdottir og sonen Haddur Garðar. FOTO: Privat

Artisten



Sara Dögg Hjaltadottir flytta frå Island som 17-åring.


For å satse alt på proffdraumen.

Foto: Jon Forberg

Foto: Jon Forberg

Eg kom til Noreg for å trene meir

For Hjaltadottir har det å bli handballspelar alltid vore hennar store motivasjon i livet.

Ho debuterte i eliteserien på Island allereie som 15-åring for laget Fjölnir.

På Island lærte eg mykje av teknikken eg har i dag. Råskapen og krigarmentaliten har eg òg tatt med meg.

Det ivrige talentet ville satse meir, og bestemte seg for å flytte til Kongsvinger, for å gå på Norsk Toppidrettsgymnas.

- I Noreg er handballen meir fysisk. Eg reiste til Kongsvinger der dei hadde handball-linje og trente mykje meir enn eg var vant med frå Island.

Ho spelte samstundes for Kongsvinger i 2. divisjon, der ho imponerte tross sin unge alder.

Men i oktober 2018 rauk ho korsbandet for andre gong, noko som sette henne ut i lang tid.

FOTO: Privat
FOTO: Ida-Marlene Minge

– No er karrieren over, tenkte eg

-
-


Hjaltadottir fortel om ein skadeperiode med mykje kjensler.
-

– Eg var knust og vurderte å flytte heim til Island igjen. Samstundes ville eg komme enda sterkare tilbake.

_

-
-

Det blei aldri fleire kampar for Kongsvinger. For i ei lita bygd på Sunnmøre var det ein islandsk trenar som trengde ein midtback på laget.

Halldor betydde eigentleg alt for at eg kom hit

Trener Haraldsson kjente til midtbacken i Kongsvinger frå tida på Island, der ho hadde spelt mot damelaget han var trenar for. No var det tid for å møtast igjen i Volda.

Vi kom med ein plan på korleis ho skulle trene seg opp, og la henne vekse til å bli den toppspelaren vi såg i henne.
Halldor Stefan Haraldsson, trener Volda handball.

Sjølv om Hjaltadottir hadde vore skada i eit halvt år, signerte ho i juli 2019 ein toårskontrakt med Volda. Da sleit ho framleis med korsbandet.

«Halli» hadde ein del erfaring med skadar, og visste korleis eg hadde det, seier Hjaltadottir og legger til:

– Klubben tok meg imot med åpne armar frå første dag. Det gav meg motivasjonen eg trengte for å trene meg tilbake.

FOTO: Jon Forberg

Foto: Jon Forberg

FOTO: Jon Forberg

FOTO: Jon Forberg

Foto: Jon Forberg

FOTO: Jon Forberg

Over eit år etter kneskaden, debuterte Hjaltadottir med sin fyrste kamp for Volda 17. november 2019.

– Det var ei ubeskriveleg kjensle. Eg hugsar eg spelte to og eit halvt minutt i kvar omgang, og eg fekk ta straffane.

Sidan har straffekasta blitt ein spesialitet.

– Straffekast er veldig mykje teknikk, og det er timesvis med trening som ligg bak.

– Eg liker òg det mentale spelet, kor ein må klare å halde hovudet kaldt.

Islendingen har òg fått sans for det mentale spelet utanfor banen.

– Eg lærte mykje om meg sjølv då eg var skadd

Hjaltadottir fortel at ho vil bli psykolog etter handballen, og studerer no bachelor i psykologi på nett.

Etter alle timane på skadebenken har eg erfart korleis det er å vere langt nede psykisk. Då fekk eg god tid til å tenka, ler ho.

Målmaskin

Hjaltadottir er Voldas toppskårar med 48 mål på 11 kampar, der 27 har komme frå straffemerket.

Playmakeren har eit klart mål om å spele i eliteserien.

– Eg gir meg ikkje før eg får spele på det øvste nivået, seier ho målretta

Alle gode ting er tre

-

Før denne sesongen kom det endå ein islending inn i stallen.
-

Også det er ein tidlegare kjenning.

Utviklaren

_


Hilmar Gudlaugssons veg til Volda oppsummerer linken handballaget har fått til Sagaøya.

Av oss tre er nok eg den dårlegaste taperen

FOTO: Florø Handball

FOTO: Florø Handball

– Eg følte meg betre som trenar, det var her eg høyrde heime

Gudlaugsson starta til liks med Haraldsson tidleg, og trena aldersbestemte lag frå han var 16 år gammal.

I 2005 starta han i HK Kópavogs , same klubb som den noverande trenarkollegaen hans var speler.

– Eg hugsar Halldor som ein leiken spelar. Vi har kjent kvarandre i over ti år og det er veldig gøy at vi no møtest igjen.

Sjølv fortel han at spelarevnene ikkje var til å skryta av, og at han derfor raskt såg for seg trenarrolla.

– Eg slutta å spela då eg var 20 år, grunna eit dårleg kne. Ser ein tilbake på det, var nok det lurt, ler han.

I den første sesongen som hovudtrenar for damelaget til HK tok han dei til ein overraskande fjerdeplass og europacupspel.

– Vi fekk rett nok juling, men det var stort å prøva seg på det nivået.

Etter ti år i HK ville Gudlaugsson ha nye utfordringar, og turen gjekk til klubben Selfoss, i det han omtalar som eit samarbeid som ikkje fungerte.

Då tok (endå ein gong) Kristinn Gudmundsson kontakt. Han hadde nemleg gått frå trenarrolla i Volda til Førde.

– «Kiddi» er ein veldig god venn av meg, og gav beskjed om at naboklubben Florø trong ein ny trenar.

Meir skulle det ikkje til og Gudlaugsson tok med seg kona Sigrún Arna Brynjarsdóttir og deira to barn til Noreg.

FOTO: Eggert Johannesson
FOTO: Privat

Eg skapte eit lag som var vonde å møte

Tida i Florø vart kort. Kompisen Kristinn reiste etter kvart tilbake til Island, og då vart Gudlaugsson den naturlege erstatteren i Førde, berre åtte månader ut i den nye jobben.

Førde var spådd i nedrykkstriden i 1. divisjon, men islendingen gjorde tipsa til skamme.

Ingen forventa noko frå oss, men vi enda på 7. plass, med poeng mot lag som Larvik og Rælingen, som rykte opp.

Etter sesongen vart islendingen påskjøna med årets trenar i region vest. Ei kåring som gjaldt både herre- og kvinnesida.

Plasseringa var historisk for Førdes del, og juryen grunngav prisen med at islendingen var ein trenar som har drive svært god spelarutvikling, og at han hadde dyrka fram fleire talentfulle spelerar

– Vi hadde ein tynn tropp og sleit med skadar, men vi klarte likevel å vere eit lag som var vonde å møte.

Sesongen etter vart langt verre. Fleire nøkkelspelarar forsvann og Førde rykte ned frå den nest øvste divisjonen.

– Koronaen kom, og klubben kunne ikkje lenger tilby meg full jobb. Eg visste ikkje heilt kva eg skulle gjere.

Så ringde telefonen.

«Hei Hilmar, det er Halldor».

FOTO: Kristian Helle

FOTO: Kristian Helle

FOTO: Privat

FOTO: Privat

FOTO: Jon Forberg

FOTO: Jon Forberg

FOTO: Jon Forberg

FOTO: Jon Forberg

– Lever ut draumen min i Volda

Etter å ha vorte tipsa om jobben frå Haraldsson, tok Førde-trenaren sjølv kontakt med handballklubben på Søre Sunnmøre.

Jobben som assistent- og rekruttlagstrenar vart i boks.

- I Volda kan eg leva ut draumen min med å vera fulltidstrener, og få utvikla unge spelarar til å nå måla sine.

– Eg må planlegga og ha struktur på alt. Samtidig er det viktig å ha treningar som spelarane synest er gøy å vera med på, fortel Gudlaugsson.

– Eg og Halldor har litt ulikt syn på ting, og vi utfyller kvarandre bra.

– Vi har funne oss veldig godt til rette i Volda, og ser for oss å bli her lenge.

Kven er den dårlegaste taparen?

– Det må vere Hilmar, seier Hjaltadottir.

– Det fikk han erfare frå tida i Førde, ler Haraldsson.

– Til vanleg er eg ein roleg person, men på handballbanen kan det bli litt heitt, kontrar det nyaste tilskotet i gjengen.

Kva er det med Island og handballen i Volda?

I tillegg til dagens islandske trio har trenarane Alfred Örn Finnsson, nemnde Kristinn Gudmundsson, og spelarane Eva Björk og Thea Imani Sturludottir vore innom klubben.

Bent Ingebrigtsen har vore med på alle signeringar av dagens islendingar, og forklarer den gode linken til landet.

– Lille Island har jo ein fantastisk tradisjon med spelarar og trenarar, på klubb- og landslagsnivå som har gjort det veldig godt. Vi kom vel til eit punkt der vi måtte kasta oss på bølgja.

Nestleiaren og speakeren i handballklubben, fortel at dei har prøvd å henta andre utlendingar, men at dei ikkje har følt den same suksessen som med islendingane.

– De ligg jo nært oss når det gjeld det nordiske språket og kulturen. Vi har hatt litt av kvart her, men islendingane har alltid vore veldig enkle å forhalda seg til.

FOTO: Ove Krumsvik

FOTO: Jon Forberg

FOTO: Jon Forberg

FOTO: Jon Forberg

FOTO: Jon Forberg

Halldor har fått Volda til å bli bygda der ingen skulle tru at nokon handballspelar skulle bu.
Bent Ingebrigtsen, nestleiar Volda handball.
Saras store motivasjon og humør smittar over på oss andre, og ho har eit enormt potensiale.
Kine Kvalsund, kaptein Volda handball.

Hilmar passar perfekt inn i rekruttprosjektet vårt, og den lange erfaringa hans er gull verd for dei unge talentane våre.
Bent Ingebrigtsen, nestleiar Volda handball.