I år 2000 var der 426 mjølkebønder på Søre Sunnmøre.

I 2024 er der berre 125 igjen.

I Herøy kommune er det berre att ein mjølkebonde.

Der er det ingen som skal ta over.

For 20 år sidan var dei 15.

I Ørsta kommune var dei 179 i år 2000. No er det berre 46 igjen.

Men Ivar Børge Seljeseth skal ikkje bli ein del av denne statistikken.

Han skal vere bonde til han døyr.

Dei som nektar å gi seg

Foto og tekst: Tare Reklev Øverbø

Ivar Børge Seljeset er 22 år gammal.

Han er oppvaksen på Seljeset i Hornindal, på gardnummer 200.1.

Heile livet har han tilbrakt i fjøset.

Då han lærte seg å gå, gjekk turen til fórbrettet til kyrne i fjøset.

– Eg har jo vore med i drifta heile livet. Heilt sidan eg blei med inni barnevogna, til der eg er i dag.

Ivar er tredje generasjon i løpet av sitt liv som både arbeider og jobbar på garden.

Han fortel oss om ein fin barndom, der han fekk gjere som han sjølv ville. Det var aldri ei forventning om at han skulle bidra opp mot gardbruket. Det var aldri eit press, aldri ein baktanke.

Likevel skjedde det berre.

"Eg hugsar godt eg satt på i traktoren til besten og fekk vere med å køyre. Eg såg jo veldig opp til han og ville verte slik som han. Og no er det eg som sitt i den traktoren."

I dag er det faren til Ivar Børge som både eig og driv garden. Likevel er Ivar godt innblanda i den daglege drifta. Han er med å bidreg både til fjøsstel, vedlikehald og investeringar.

Om nokre få år er det Ivar som skal ta over. Det er han tydeleg på. Det var aldri noko tvil om at han skulle verte bonde, og det er heller ikkje noko tvil om at han skal fortsette.

"Ein har jo spurt seg sjølv kva anna ein kunne drive med om ein ikkje var bonde. Men då har eg kome fram til at det ikkje er noko anna eg vil gjere"

Men Ivar er av dei få.

Bøndene i Noreg vert stadig eldre og færre. Færre og færre vil ta over drifta etter foreldra.

Sakte men sikkert, forsvinn bøndene. Kommuner som tidlegare kunne kalle seg landsbrukskommuner, har til slutt ein eller to bønder att.

Dei som skaffar oss mat. Dei som skaffar oss drikke. Dei som legg seg når vi står opp. Dei arbeider der dei lev. Dei forsvinn.

Raude lovar som før var fylt med rauting døgnet rundt, blir fråflytta og tomme.

Mørke og kalde.

Om nokre år vil folk gløyme aktiviteten som ein gong pågjekk i byggningane.

På Søre Sunnmøre har mjølkebøndene minska drastisk dei siste åra.

2000

2004

2014

2024

Hareid

15

6

3

1

Herøy

17

11

4

1

Sande

26

18

8

5

Ulstein

18

15

4

5

Vanylven

82

56

29

19

Ørsta

179

147

70

46

Volda

89

67

26

49 (etter samanslåing med Hornindal)

Heldigvis er ikkje Ivar aleine om yrkesvalet. Litt lengre ned i dalen, bur ein litt eldre tremening som og er mjølkebonde.

Pål Ruben Seljeset Tomasgard har teke over familiegarden. Der driv han kjøtproduksjon, og har ammekyr. Men for han var ikkje vegen til å verte bonde like klar som den var for Ivar.

"Eg skulle jo eigentleg verte fysioterapaut"

Men slik blei det ikkje for honndølingen.

Pål Ruben trekkjer fram variasjonen i yrket, både når det gjeld arbeidsoppgåver og kva sesongen byr på. Han legg og til at det er givande yrke, og at han likar å både jobbe med dyr og maskiner.

Men dei to er bekymra for utviklinga i den norske mjølkeproduksjonen.

"Det er jo ei utvikling vi har sett dei siste tiåra. Utan mjølkebøndene, som er bærebjelka i det norske landbruket, risikerer ein at heile næringa fell i grus."

- Pål Ruben

"Men dersom vi ikkje skal gjere det, kven gjer det då?"

Høge prisar, dårleg økonomi, mykje arbeid og lite utbytte er nokre av årsakene Pål Ruben trekkjer fram i spørsmålet om kvifor folk gir seg.

– Vi vert og lova at `No skjer det noko´! Men realiteten er noko anna. Politkiarene er lite handlektraftige slik vi ser det. Dei kjem berre med tomme lovingar.

Men til trass for dette nektar dei å gi seg.

Dei skal ikkje vere dei som legg ned.