Å bu i rasfaren

Ei fortelljing om korleis det er å bu i dei små grendene.

Som 19-åring måtte Kjetil ta over garden på Ytre Standal.

Han hadde ingen å lære av.

Faren var brått gått bort.

Han blei teken i eit skred.

 

Einar K. Standal, far til Kjetil, og sju andre omkom i ei skredulykka som skulle gjere preg på alle bygdene langs Hjørundfjordstranda.

 

Men det var ikkje fyrste gong det har gått liv i Hjørundfjorden.

Det var heller ikkje siste.

 

Kjetil er klar over faren ved å ferdast i Hjørundfjordstranda.

 

Men han er ikkje redd.

 

«Kvifor skulle eg vere det?»

I dag er dei tre fastbuande på Ytre Standal.

Kjetil og kona Marta, og ein nabo.

Dottera og familien har budd der tidlegare, og om nokre år er planen at dei skal flytte heimatt.

Garden til Kjetil har stått og vore i drift i over hundre år.

Det er trygt der han står, seier Kjetil.

Faren kjem så snart ein reiser rundt på vegane.

Stadig vekk brakar det frå fjellsidene, som ei påminning om at fjella ikkje viser nåde over nokon.

Vinteren i år har vore den verste på lenge, fortel Kjetil.

–Me hadde fleire periodar med frost som snudde om til mildvêr, etterfølgt av mykje nedbør.

 

–Dette førte til skred som stengde vegane.

 

På 80-talet kom det rassikringar på fleire punkt langs det som i dag er kjent som fv. 5912.

 

Vegen knyter Store Standal, Ytre Standal, Stavset og dei andre bygdene langs Hjørundfjordstranda til Festøya.

 

–Etter rassikringa kom så har det nesten ikkje vore ras, i alle fall retning Festøya. Det er heilt klart mykje betre.

 

Men sjølv om vegane opplevast som tryggare, og rasa går sjeldnare, kjenner ikkje Kjetil seg heilt trygg.

Det å reise sjølv er ikkje så gale. Den verkelege frykta kjem når hans eigne er ute på vegen.

–Det er ein angst du kjenner på når du sit igjen her heime, og den andre parten er der ute og reiser. Vêret er utrygt. Det er ekkelt å kjenne på. Kanskje verre enn å reise ut sjølv.

I løpet av livet sitt på Ytre Standal har Kjetil fått kjenne på faren fjella kan føre med seg.

 

Frå slutten av 70-talet var han med å brøyte vegen langs Hjørundfjordstranda.

 

–Den verste strekninga er mellom Store Standal og Ytre Standal.

 

–Den perioden er det verste eg har vore med på.

–Det var knalltøft. Eg fekk magesår av elendigheita og fekk ikkje sove på grunn av angst. Eg køyrde i all slags  vêr og skulle prøve å halde vegen open. Det var heilt forferdeleg.

Det var ikkje utan grunn at Kjetil var uroa.

 

I brøyteteneste har han sjølv vore farleg nær å bli teken av eit skred.

Han fortel om ein mørk vinterdag. Han sitt i traktoren sin. Vinden slår mot fjellveggane, slik den alltid gjer innover Hjørundfjordstranda.

Plutseleg høyrer han eit stort brak, og kjenner at traktoren tek til å flytte på seg.

Han ser ikkje så mykje av det som skjer oppover fjellveggen, men veit likevel kva det er som skjer.

 

–Eg blei slengt inn i autovernet.

Kjetil kan ikkje anna enn å håpe det går bra.

Han kjenner fleire som har blitt teken i skred langs stranda. Fleire i brøyteteneste.

Det vert stille ei stund.

Skredet tek slutt. Det går ingen nye skred.

–Ein veit aldri kor stort eit skred er før det tek slutt, og brått kan det og gå fleire.

Kjetil kom seg laus, og traktoren var like heil.

Autovernet derimot hadde fått ein god bulk.

Det same hadde traktoren, som ei påminning om korleis det kan gå.

I vinter fekk han og familien verkeleg kjenne på det at det kan gå fleire skred.

 

Dottera og barnebarnet hadde vore i ein barnebursdag, men då dei skal heim har det gått eit skred langs fylkesveg 5912. Heldigvis er dei veldig flinke til å hjelpe kvarandre langs stranda.

 

Ein nabo kjem til andre sida av skredet. Dottera til Kjetil set igjen bilen på Festøy sida, og dei går over skredet.

 

Men same kveld går det eit nytt skred.

Dette går ikkje langs vegen.

Det går bak garden, berre to-tre hundre meter frå der dei bur.

Snøen er kanskje smelta bort sidan i vinter, men overalt ligg tre som blei dratt med, steinar i alle storleikar, jordmasser, buskar og andre teikn på at snømassene har herja.

Men trass i dette er ikkje Kjetil redd.

Tvert i mot.

–Det er trygt å bu på garden. Det er langs vegane det er farleg, men det er det uansett kvar du ferdast. Uansett om det er rasfare eller ikkje, meiner han.

Han meiner at mykje handlar om å vite når ein skal halde seg heime og ikkje.

Og det og halde seg heime, er ikkje noko problem.

–Eg var fødd på garden, på stova her.

– Eg er veldig bunden til garden, og bunden til dyra.

–Eg kjem nok til å bli verande på garden så lenge helsa tillèt det.