Akevittmannen KÅRE JOHAN

Kåre Johan Yksnøy er tilsynelatande ein heilt alminneleg mann. Han har eit stort hus. Jobbar i Skatteetaten. Går somme tider på fjellet, og andre tider i badstove.

Men han har ein hobby utanom det vanlege. Han samlar på akevitt.

Byrjinga på ein lidenskap

Han hadde ei betydeleg samling vin. Men han har aldri vore god til å drikke når han burde, så vinen enda med å bli gammal før han fekk drukke den.

Jula 1988 kjøpte han den første akevittflaska. Ein juleakevitt. Akevitt kan lagrast lenge, sjølv om den har vore opna. Så det blei det til at han kjøpte alt av akevitt på polet. Det skulle bli starten på ei samling som skulle vekse seg større enn stor. Sidan har han reist land og strand rundt, for å få tak i nye variantar og årgangar. Han kjøpar som regel alltid to stykk. Ei til samlinga og ei til å drikke. Han har mista tellinga, men anslår at han har rundt 570 flasker akevitt.

- Den er nok verdt 300 000 kroner.

- I allefall.

På bordet står ei flaske på tre liter.

- Og dette er ei flaske.

Gammal Oppland i tre liters flaske.

Gammal Oppland i tre liters flaske.

- Eg har vel forsåvidt eit stort hus. Men det byrjar å fyllast opp her og der.

Eg har eit gen som ikkje er heilt bra.
Kåre Johan Yksnøy

Akevitt er ein skandinavisk brennevin med rundt førti prosent alkohol. Den er often gyllen på farge. I Noreg blir den som regel laga på potet, og i nabolanda, som regel på korn. Ein tilset krydder for å lage smaken slik som dill og karve er mykje nytta. Akevitt blir ofte drukke til mat for å løyse opp fettet, eller for å kunne ete meir, påstår Kåre Johan.

Akevitt er betre dess lenger den er vorte lagra, i følge Kåre Johan. Snart skal han til dottera i Tromsø, og samstundes må han ha ein tur over til Sverige. Han har fått snerten i ein OP Andersson spesialreserve. Den har vore lagra i over 25 år. I utgangspunktet er Noreg betre på å lagre akevitt enn nabolanda Danmark og Sverige, fortel han.

Ein årgang, inneheld ein liten del av alle dei tidlegare årgangane. Så kjøpar du ein Akevitt som er 25 år sidan, inneheld den akevitt som blei laga for 25, 24, 23...år sidan.

Kjem det ofte nye akevittar på markedet?

- Alt for ofte. Det har eksplodert sidan ja.......2018 trur eg.

Han har ein akevitt for ein kvar anledning. Han visar meg. Ein brukar han når han et lutefisk. Ein når han ser Flåklypa. Ein som ser ut som ein trompet. Og ein av dei har ein laks inni flaska. Ja, ein heilt ekte ein.

Trompeten var den dyraste han hadde i lang tid. Den kosta han 2000 kroner. For nyleg kjøpte han ei flaske til 6000 kroner. Altså to av den, til samla verdi på 12 000 kroner. Sjølv om det er litt pengar, er det ingenting i forhald til venen hans. Han kjøpte seks flasker, med ein prislapp på tilsaman 24 000 kroner.

- Det som står framme er smaksprøver, eller leftovers som ein seier på godt norspå

Sjølv om Kåre Johan har bøtter og spann med akevitt, ja heilt bokstaveleg talt. Er han beskjeden med drikkinga.

- Eg vil ha lag for å drikke. Og gjerne med mat attåt.

- Men smake på, det meinar eg må vere lov. Det er livskvalitet for meg.

Kåre Johan kjøpar alltid ein ny akevitt når han er ute og reise.

Kåre Johan kjøpar alltid ein ny akevitt når han er ute og reise.

Har du nokon gong tenkt på å selge samlinga di?

- Nei, det vert ikkje eg som skal selje dei. Den skal dø med meg. Så har tausungen fått beskjed. Ho kan gjere ka faen ho vil med den.

Eit lag

Når Kåre Johan inviterar til lag, delar han ut gjerne fire, fem forkjellege sortar il kvar.

- Det er kjekt og smake forkjellege sortar.

Kompisen til Kåre Johan, Andres Mand, er invitert til å vere med å smake denne dagen.

Han foreslår at Kåre Johan burde stille ut samlinga på museum.

- Nei, akevitt skal ikkje vere på museum. Det skal smakast og nytast.