Storkar på havet stranda på land
Ein skippers forteljing
I ein mørk omsorgsbustad på Eggesbøsnes i Fosnavåg sit Jim Remø. Ein vanleg uvanleg mann.
- Ikkje ta av deg skoa, seier han.
- Her blir det vaska.
På bordet er det fleirfoldige boksar med cola zero, snusboksar, ein pakke paracet, tannkost, tannkrem og ein negleklippar. Om ein kikar under bordet, står det nokre tomme ølboksar. Persiennene er rulla ned, og belysninga beskjeden.
Eg tek han i handa og set meg i sofaen.
Han er hyggeleg, men ikkje munter.
No er han klar for å fortelje historia si:
Det var den vegen det gjekk
Jim Remø (69) vaks opp på Remøya i Herøy kommune. Som dei fleste andre på Remøya, venta ei framtid på sjøen, som fiskar.
Han var berre tretten år, då han byrja på ein fiskebåt.
Som syttenåring byrja han på navigasjonsskulen for å bli skipper. Fyrst halvanna år på Aukra, så eit halvt år i Bergen. Han var sjelden glad i å gå på skulen, men Bergen skulle vise seg og vere ei kjekk tid. Stikkord som fyll, fanteri og spenning passar godt ifølge Jim.
- Og så var eg på sjøen.
Heile tida?
- Heile tida. Heile livet
Noregs yngste skipper
Ein skjebnesvanger dag då Jim er nitten år og ombord på båten Vesle-Mari II, bryt skipperen foten. Som ein av få med papira i orden for å vere skipper, vert Jim peika ut til å ta over skuta. Men, det er eit problem.
Han er ikkje gammal nok.
Ein må vere tjue år. Han er berre nitten.
Han må søke Sjøfartsdirektoratet om dispensasjon. Den blir invilga.
Han blir no skipper for fyrste gong. Som den truleg yngste i landet.
Som skipper skal han vere sjef over dei andre på båten. Han skal forhåpentlegvis finne område kor det er mogleg å fange mykje fisk. Og ikkje minst styre skuta gjennom sol, uvêr, bølgjer og bårer.
-Eg måtte vere tøff, slik at mannskapet respekterte meg og ingen torde og hakke på meg.
Båten Vesle Mari (II)
Båten Veslemari (II) Foto: Ishavsmuseet
Båten Veslemari (II) Foto: Ishavsmuseet
Teft
I byrjinga var det tøft. Båtane var på det tidspunktet 70-100 fot store. Norskekysten var og er ikkje til å spøke med. Dei kom ofte ut for uver. Han måtte halde tunga beint i munnen. Men Jim hadde teft. Han fann dei gode stadane og kunne ofte kome tilbake med mykje fisk ombord.
- Eg hadde litt erfaring, og ein følelse av at her, her kan det vere bra å vere, og bra å fange.
Han såg kor fuglane flaug. Kor det var litt leven.
Men det var før.
No er det automatisk og instrumentelt alt saman. Som til dømes ekkolodd. No treng ein ikkje å sjå ut av vindauget eingong, seier han tankefullt.
Jim og mannskapet fiska som regel hestemakrell, ansjos og sild. Og fanga kval og sel. Ingen fisk? Ingen pengar.
Han fylte kvota, og hadde gjerne 100 000 tonn med fisk i året. Dette var gode resultat den gong.
Men dette var utanfor norske farvatn. Lenger nede i verda.
I Sør-Amerikanske farvatn
Han var i verdas største fiskerinasjon, Peru, i ein periode. Og ein annan i Chile. Der var han i sju år. Der gifta han seg med chilenske Alejandra. Dei fekk fire born saman. Det var nokre fantastiske år han hadde der nede, fortel han.
- Eg var mykje på land også. Som regel fiska vi om natta og lossa om dagen. Det var nok av fri.
Han tør ikkje seie kva han brukte mykje av tida si på når han hadde fri. Men han fortel at det til tider var vilt. At han søkte spenning. Det gjer han no også. Men no har helsa svikta han. Eller han har svikta helsa, som han seier.
- Det har vore eit tøft liv innimellom. Ein kjem ikkje til Chile, og set seg ned og drikk kaffi, og et kake. Vi var mykje ute på livet. Eg traff blant anna presidenten. Pinochet eller kva han no heiter.....Han var grei med meg.
Var du på mange slike festar?
- Ja, mange, ofte med mennesker høgt oppe i millitæret. Og han Maradona møtte eg forresten også.
Dersom det oppsto konfliktar på båten, måtte Jim ordne opp. Då var det nærpolitiet som gjaldt. Der han sjølv var politisjef.
Våpen hadde dei også ombord, for det var ikkje usansynleg og møte på piratar eller andre trugslar.
I manns minne
I dag er han full av historier og hendingar.
- Eg slo ein gong i hel ein stor hai, med ei slegge. Det var ein gong vi fekk ein stor hai i nota, og den beit ein av mennene i låret. Eg hoppa opp i rorhusa, greip sleggja og slo laus på han.
I Chile var det ein båt tett på han, kor det oppsto brann ombord. Tjuefem mann døde.
I Sør-Afrika, Senegal eller Namibia, han kan ikkje heilt hugse, drakk ein del av mannskapet metanol. To av dei vart blinde.
Sør-Afrika var full av forlystelsar. Ein kunne få burgeren så stor ein berre ville ha den.
- Og det var mykje kvinnfolk.
Var det tungt arbeid?
- Fysisk, nei, ikkje for meg. Men psykisk, ja. Til tider var eg vaken femti timar i gongen. Det er litt som å ha vore vaken heile livet.
Og det har kosta. Dei siste åra Jim dreiv med selfangst, begynte helsa og skrante meir og meir. Han dreiv med fangst av sel langs Noregkysten dei siste åra som skipper.
Kva betyr det?
- Dunka dei i hovudet med hakapik.
Han har også drive med kvalfiske langs norskekysten. I dag er det berre ti båtar att.
Ombord
Jim har vore mange plassar som skipper. Stort sett alle verdshav, med nokre unntak. Søramerika, Afrika, Indiahavet, Atlanterhavet, Sørishavet, Norskehavet, Skottland, overalt........
Jim fekk eit godt rykte, fordi han som regel alltid kunne vise til gode resultat. Dette ryktet nådde også ein av Noregs rikaste menneske, Kjell Inge Røkke. Røkke ville ha Jim som skipper på ein av skipa hans i Sørishavet. Han kunne ikkje seie nei. Her jobba han i to år.
- Den beste arbeidsgjevaren eg har hatt.
Av Røkke, fekk Jim kontrakt, og godt betalt.
- Det var det sværaste eg har vore med på.
Men ishavet kunne by på farlege situasjonar og høge bølgjer. På det verste kunne bølgjene vere tretti meter høge. Då var det ingen som torde å sjå ut. Til tider var dei meir under enn over vatn.
- Det var storm på storm på storm........
Og dei var heilt åleine. Det er ingen vits i å kalle på hjelp når ein er fleire tusen mil frå land.
Som skipper kunne ikkje Jim vise at han var redd. Men han innrømmar at det hende at han bedde til gud.
Ein av gongane var han nærme land. Utanfor Hustadvika, fekk skipperen motorstopp, akkuratt som cruiseskipet "Viking Sky" skulle få mange år seinare. Båten dreiv innover.
Hustadvika er ein plass som drep folk og knuser båtar, seier han.
- Den reine døden.
Stranda på land
No er det gått fem år sidan Jim var på sjøen. Han har ikkje lenger løyve til å styre båtar grunna dårleg helsetilstand. Dei siste åra har vore utfordrande. Han har vore vaken 50 timar i døgnet i fleire år. Dette har gjort at han i dag har mykje problem med hjartet. Han har vore i gjennom tre hjarteoperasjonar. Han har herja med kroppen. Drukke for mykje.
- Det har vore litt mørkt nokre gongar.
Han har besøk av heimehjelpa to gongar for dag. Dei leverer medisin. Tjue stykk rett ned i halsen om dagen.
Kjøkkenet til Jim
Kjøkkenet til Jim
Foto: Sigrid Moltumyr
Foto: Sigrid Moltumyr
I dag er han utan fast følge.
- Det er tidens tann det. Utgått på dato. Så veldig lystig er det ikkje.
Han går ikkje ofte utanfor døra, men det hendar venen hans Bård, tar han med på biltur. Jim stirer inn i fjernsynet.
Han saknar å vere på sjøen, eller meir å vere på land.
- Å kome på land i Lima i Peru, Santiago i Chile. Då skjedde det saker og ting.
Kva ting?
- Nei, det er unntatt offentlegheit. Det går ikkje an og fortelje.
Var det damer ombord, fekk dei lov å bu inne hos han, om dei ønska.
Sjølv om Jim har tent fleire millionar i året, sit han ikkje at med mykje.
Kor har pengane dine blitt av?
- Ka trur du? Eg har sju born og tre kjerringar.
Kva gav det deg å vere på sjøen?
- Pengar. Opplevingar. Minner. Men det var no pengane som gjorde at eg blei der. Omtrent berre det. No er det ingen som vil ha meg. Det er tidens tann det..........
Om det blir ein tur til, ønskar Jim og reise langt og lenge.
Som passasjer då?
- Nei, absolutt ikkje
