– Dei er her ikkje berre for å halde vegetasjonen nede. Det er levande dyr med personlegdomar, som gir mykje til oss som bur her - men òg til besøkande som kjem innom garden.

Det seier Ingvild Langvatn om geiteflokken sin, som dei siste seks åra har halde liv i gardstunet i Kleppedalen i Volda.

Dyra med dei spisse øyra og det karakteristiske skjegget har over åra pila fram til gjerdet med stor nyfikne for menneske og dyr som passerer forbi. 

Det siste året har dei trekt seg tilbake og treng no meir tid for å bli trygge på folk. Langvatn meiner eit hundeangrep på utmarksbeitet sist vinter har del i skulda.

– Det viktigaste er at eg ikkje mistar kjæledyra mine

–  I skumringa kjem dei alltid ned igjen til heimen sin. Då eg ein kveld verken såg eller høyrde geitene, fekk eg ein skikkeleg klump i magen, fortel Langvatn.

Ho heiv på seg sekken og fann til slutt geitene langt oppe i fjellet.

Foto: Anny Møklebust

Foto: Anny Møklebust

Der stod flokken tett i ring rundt geita Stormi, som blødde frå nakken og låg heilt stille - ute av stand til å komme seg opp.  

Langvatn måtte ringe ein kompis og få berehjelp ned til garden. Geitebonden var redd desse timane vart slutten for Stormi.

Foto: Ingvild Langvatn

Foto: Ingvild Langvatn


– Heldigvis fekk eg tak i veterinæren på vegen. Ho kunne forsikre meg om at geita ville overleve, seier Langvatn.

Ifølgje veterinæren, tyda både plasseringa av bitet og nærleiken til turstien på at det var snakk om eit hundebit.

Episoda med Stormi stilte seg dermed i rekkja av fleire jagehendingar frå hundar denne vinteren.

Foto: Ingvild Langvatn

Foto: Ingvild Langvatn

Langvatn er fortvila over at hundeeigarar ikkje tek ansvar utanfor turstiane.

– Éin ting er den økonomiske belastninga angrepa fører til. Det viktigaste er at eg ikkje mistar kjæledyra mine, utdjupar ho.

Med fjorårets erfaringar ferskt i minne, har ho i år innskrenka beiteområdet til geitene.

– Dagens beiteområde er ikkje bestemt ut frå kvar det er best mat eller kvar geitene helst burde ha fått gå på beite. Det er rett og slett eit spørsmål om kor langt eg klarar å bere ei død eller skada geit, seier Langvatn.



Sidan i fjor har geitene fått beita i fred og ro, utan jaging frå hundar.
Langvatn trur angrepa i Vikebygda sist vår har medført auka medvit i blant hundeeigarar.

I Vikebygda i Volda opplevde dei to uvanleg store hundeangrep mot sauene sine på innmarksbeite i slutten av mai i fjor. Det kosta fire lam og to vaksne sauer livet. Totalt 21 sauer vart skada. For Svein Håvar Vatne og familien vart det ein utfordrande sommar.

Foto: Svein Håvar Vatne

Foto: Svein Håvar Vatne

– Fjøset vart gjort om til ei sjukestove og skadane kravde mange timar til stell, fortel han.

Svein Håvar Vatne og dottera Anna Nedrelid Vatne

Svein Håvar Vatne og dottera Anna Nedrelid Vatne

I tida som følgde opplevde Vatne og familien at sjølv dei mest oppsøkande dyra trekte seg unna. Tapa i flokken prega òg dynamikken sauene imellom.

– Dei to vaksne sauene som døydde var to tydelege leiarfigurar til fjells. Utan dei, vart det vanskeleg å samle flokken, seier Vatne.

Politiet vart varsla rett etter angrepet og hundane vart avliva. For bonden vart kostnader og tapte inntekter dekka av forsikringa.

– Vi hadde god kommunikasjon med hundeeigarane, og dei følgde situasjonen tett i tida etterpå. Det sette vi stor pris på, seier Vatne.

Veterinær Anne Stine Foldal Aam poengterer at hundane fysiologisk er overlegne geitene. Som hundeeigar kan det vere lett å gløyme at når instinkta slår inn, er det vanskeleg å stanse hunden frå å jage.

– Når hunden finn noko som er viktigare for dei, stenger dei alt ute. Då er det ikkje lett å rope til seg hunden att, forklarer Aam.

Når det er sagt, er det ikkje alle rasar som har like sterkt instinkt for å jage dyr.

– Har du ein polarhund, som ein Alaskahund til dømes, skal ein vere ekstra varsam på tur, rår Aam.

Anne Stine Foldal Aam. Foto: Maria Soave Vold Ulset

Anne Stine Foldal Aam. Foto: Maria Soave Vold Ulset

Langvatn og Vatne trur eit større medvit om bandtvang i beiteområde er spesielt viktig i eit turvennleg lokalmiljø.

– Å ha hunden i band, er eit signal om at ein viser respekt. At ein viser respekt for at dette òg er mine kjæledyr, og at eg sjølvsagt er redde for at dei skal bli drepne, seier Langvatn.

Vatne understrekar at sjølv om ein har hunden i band, kan ulukker framleis skje. Hunden kan rive seg laus og stikke av. Sauebonden si oppmoding til hundeeigarar er likevel å høyre frå seg dersom hunden skulle angripe ein beitande flokk.


– Ikkje nøl med å ta kontakt med bonden om ein skulle vere uheldige. Alle kan vere uheldige, men ein må seie i frå, seier Vatne.