Don Toni

Noregs mest sjenerte kjendis

Don Toni

Noregs mest sjenerte kjendis

Av Julie Garmo og Håvard Steffensen

Knut Peter "Knutapej" Sævik (37) har telefonen klar. Den er retta mot den 17 år yngre kompisen som sit i den andre enden av sofaen.

– Korleis e de å ha avisa på besøk da, Don? spør Knutapej. Det breier seg eit sjenert smil over munnen til Antoni, som blir filma.

– Nei, ej veitkje ej, svarar han.

Dette er sitatet som har gjort Antoni "Don Toni" Sævik til Søre Sunnmøres mest kjende fiskarspire.

Antoni kan nemleg ikkje lenger reise på Jugendfest eller på kjøpesenteret på Moa i fred, utan ein flust av fans som vil ta eit bilete eller ein TikTok med han. I løpet av dei to siste åra har dei fått nærare 60 000 følgjarar og 40 millionar visningar på TikTok-brukaren sin.

Men han ser på seg sjølv som ein heilt vanleg person. Det var han òg.

Det var heilt til han møtte Knutapej.

– Fyrste gong me møttast, var Antoni berre ein liten gut. Eg var ute og sparka fotball med nokre kompisar, og han prøvde å øydeleggje. Han var ein skikkeleg rampeunge, ler Knutapej, med glimt i auget.

Om lag 15 år seinare, skulle dei møtast på nytt. Don Toni hadde fått plass som maskinlærling på same båt som Knutapej jobba.

Kallenamnet Don Toni fekk han på båten, etter dei hadde sett ein mafiafilm frå 80-talet. Filmen var med Al Pacino, som speler Don Corleone i Gudfaren. Antoni tykte ikkje det var så spanande, og gjekk og la seg midt i filmen.

Omsett til norsk, tyder don sjef. Kollegaane hans hadde vorte einige om at det var eit passande namn for Antoni. Da han møtte dei på frukosten dagen etterpå, var det ikkje berre egg og bacon som stod på menyen. Det var òg eit nytt kallenamn.

Don Toni var fødd.

Knutapej var ein aktiv brukar av TikTok, og tok friviljug på seg rolla som parmakar. Han la ut ein video for å prøve å finne friarar til han.

Videoen tok av, ballen byrja å rulle, og eventyret var igong.

Frå og med då var mobilen alltid framme, og Knutapej sitt søkjeljos var retta mot Don Toni. Dei byrja å legge ut opp til fleire videoar dagleg. Vitsen var alltid den same - det var om å gjere å setje Don Toni i kinkige situasjonar.

– Eg prøver å ta det litt på sparket, og skyte frå hofta, fortel Knutapej.

Det er stort sett berre det som skjer i videoane dei legg ut. Daglegdagse ting.

Det som byrja som eit datingprosjekt, har vakse seg til noko mykje større. Skal ein tru hovudpersonen, så ligg det heller ikkje nokon kjærast i korta den næraste framtida.

Eg skal ikkje ha noko kjerring med det fyrste. Eg har sett kor mykje styr det kan vere, seier han, og siktar til Knutapej sitt travle familieliv.

Det hender at eg blir ringt opp av fans som vil ha tak i Don. Eg lånte telefonen hans her ein dag. Der var det mange ubesvarte anrop og meldinger. Han har ikkje nytta seg nok av stjernestatusen på damefronten, meiner Knutapej.

Men det er ikkje berre blant damene videoane slår an. Han er populær i fleire samfunnslag. Til og med hjå politiet.

- Me var ute å køyrde utan mål og meining. Det vart ein fartskontroll i Fosnavåg, og me køyrde fram og attende. Etter kvart blei me stoppa og bedne om å vise førarkort.

– Antoni? spurde politimannen. – Skal det ikkje stå Don Toni her, da?

Kompisane flira, og ba politimannen gjere det på nytt, medan dei tok opptak. Resultatet blei ein av deira mest likte videoar.

Trass i den enorme suksessen dei har opplevd dei siste åra, er det uaktuelt for Don Toni med eit karriereskifte. Eit liv i rampeljoset er ikkje noko for han.

Knutapej, derimot, insisterar på at Don Toni skal bli realitydeltakar og drøymer om å sjå han i Farmen Kjendis. Det er ikkje den unge sjømannen med på.

– Eit liv som influensar? Det hadde nok ikkje gått så bra, ler den audmjuke maskinlærlingen.

Han vil heller gå vidare som fiskar. Det har vore draumen sidan han var liten. Fiskaryrket har vore i familien i fleire generasjonar.

Dei to remøyværingane vonar at dei kan halde fram med å arbeide saman når Don Toni er ferdig i lære.

– Me skal arbeide ilag dei neste to åra, ihvertfall. Det er eg veldig glad for, seier Knutapej.

Det blir altså ikkje slutt på videoane med det fyrste. Snart skal dei ut på sjøen att.

Og der ventar det fleire kinkige situasjonar.