–Dei slo meg med jernstenger

Ei brutal kjærleikshistorie frå Sudan

– To menn kom midt på natta og henta Moniém. Eg bad om å få vere med, men han sa eg skulle bli heime, fortel Maryam. Ho var høggravid, og trudde aldri han skulle kome levande ut av fengselet.

Han er høg og roleg. I auga ligg det eit alvor, men smila sit laust. Som femåring opplevde Moniém Suliman sin fyrste krig. Sør- og Nord-Sudan blei ikkje einige om kvar landegrensa skulle gå. Regjeringa stoppa matforsyninga.

Det blei hungersnød.

– Eg vaks opp i Darfur, ein landsby vest i Sudan. Frå eg var fire år, arbeida eg hardt. Eg er van med konflikt og svolt, fortel han.
Då han var 17 år og ferdig med skulen, ville han ut og studere.
– Eg fekk ikkje lov av regjeringa. Dei sende alle gutar for å kjempe i borgerkrigen mot Sør-Sudan.

Darfur ligg på grensa til Sør-Sudan, og blei ramma hardt av borgerkrigen. ILLUSTRASJON: www.state.gov

Darfur ligg på grensa til Sør-Sudan, og blei ramma hardt av borgerkrigen. ILLUSTRASJON: www.state.gov

Moniém blei teken som krigsfange, men rømte. I 1998 reiste han til storbyen Khartoum. Der studerte han økonomi og statsvitskap ved universitetet. I denne byen budde Maryam, men dei skulle ikkje treffast før fleire år seinare.

Banka opp

I Khartoum såg Moniém at den arabiske eliten hadde meir rikdom og makt enn afrikanarane i ghettoane rundt byen og på landsbygda.

Moniém som ung og nyutdanna. FOTO: privat

Moniém som ung og nyutdanna. FOTO: privat

– Eg reiste til ulike plassar i Sudan og undersøkte. Mens eg studerte, skjønte eg stadig meir av den sosiale og økonomiske ulikskapen, fortel han.

Frå 1820 til 1956, blei Sudan styrt av Egypt og sidan Storbritannia. Då dei trekte seg ut, beheldt ein arabisk minoritet den økonomiske og politiske makta.

– Det var ikkje lov å snakke dei lokale, afrikanske språka på skulen. Afrikanarar blei framstilt som dumme og utan sivilisasjon før arabarane kom og viste dei lyset. Det var fullt av reklamar for korleis ein kan bleike den mørke huda. Med naturleg afrikansk hud, var det vanskeleg for damer å få jobb.

Sudan er eit land i Nordøst-Afrika. Det grenser til Chad, Etiopia, Egypt, Den Demokratiske Republiken Kongo, Sør-Sudan, Libya og Rødehavet. ILLUSTRASJON: wikimedia

Sudan er eit land i Nordøst-Afrika. Det grenser til Chad, Etiopia, Egypt, Den Demokratiske Republiken Kongo, Sør-Sudan, Libya og Rødehavet. ILLUSTRASJON: wikimedia

Då Moniém kritiserte regimet, blei han fengsla.

– Eg skreiv artiklar der eg skildra situasjonen slik eg såg han. I januar 2002 blei eg teken av styresmaktene. Eg fekk ikkje mat og vatn på fleire dagar. Dei kom med truslar og banka meg opp som ein laushund, fortel han.

Han blei så hardt skadd at han måtte på sjukehuset. Etter 37 dagar i fengsel, gav han sparepengane sine til ein politimann og kom seg ut. Ut av fengsel og ut av landet.

– Eg blei redd og drog over grensa, til Egypt.

Rett i fengsel

Det gjekk berre nokre dagar før han vart teken av egyptisk politi. Dei hadde høyrd at han var politisk aktiv i Sudan.

– Eg lova å ikkje arbeide med politikk. Etter 23 dagar slapp dei meg laus.

Han blei i Egypt til 2003. Der tente han litt pengar på å undervise utanlandske studentar i arabisk. Same år blei 300 000 menneske i heimbyen til Moniém drepne av ei arabisk gruppe som regjeringa støtta. To millionar måtte flykte. Elevane hans spurte om situasjonen, og han fortalde.

– Då eg fortalde om den rasistiske politikken bak drapa, blei det utrygt for meg i Egypt, seier Moniém. Han dreg vidare til Libya.

Mistar synet

I Libya budde mange sudanske flyktningar, fleire av dei analfabetar. Moniém lærte dei å lese og skrive. Han starta ein menneskerettsorganisasjon, og fortalde om demokrati og fred. Fleire hundre menneske fekk undervisning, og han skreiv fleire hundre artiklar om behovet for endring i Sudan.

– Nokre vener fortel meg at ein bil frå den sudanske ambassaden følger etter meg. Eg trur ikkje på det.

Seinere blir han forsøkt drepen fleire gonger. Ein gong går det veldig galt.

Moniém vakner opp utan syn på høgre auge etter å ha blitt slått med steinar og jernstenger. FOTO: privat

Moniém vakner opp utan syn på høgre auge etter å ha blitt slått med steinar og jernstenger. FOTO: privat

– I september 2005 blei eg angrepen av fleire menn. Dei slo meg med steinar og jernstenger.

Han hamna i koma i 25 dagar. Flyktningane han hadde undervist samla inn fleire tusen kroner til sjukehusrekninga. Då han vakna opp, kunne han ikkje lenger sjå med høgre auge.

Det fyrste møtet

Maryam fekk gå på skule og lære å lese. Men ho måtte dekke til armane og beina. Ho fekk ikkje velje sin eigen mann, og ho ville vorte piska om ho var i lag med ein ho ikkje var gift med.

– Det er urettferdig for kvinner i Sudan. Viss eg ville gå ein plass, måtte ein mann i familien følgje meg, fortel ho.

I desember 2006 dreg Maryam og ein onkel i eit bryllaup i hovudstaden Addis Abeba i Etiopia. På same tid er det ein konferanse i byen. Regjeringa i Sudan møter opposisjonen for å finne ei løysing. Moniém er der for å snakke om fred og demokrati. Dei treffest på eit felles selskap for folk frå Sudan.

I Addis Abeba på ei konferanse om fred i Sudan, møtast Moniém og Maryam for fyrste gang. Dei står heilt til høgre. FOTO: privat

I Addis Abeba på ei konferanse om fred i Sudan, møtast Moniém og Maryam for fyrste gang. Dei står heilt til høgre. FOTO: privat

– Eg likte at Maryam var engasjert i politikk, og at ho var ei av få sudanske jenter som ikkje bleika huda si. Også er ho vakker, smiler Moniém.

Maryam drog heim til Sudan. Etter overfallet med steinane og jernstengene, torte ikkje Moniém å dra tilbake til Libya. Han reiste til Egypt, men gløymde ikkje Maryam.

Inn og ut av fengsel

I Egypt underviste han ved eit institutt for demokrati. Han lærte vaksne om menneskerettar og likestilling.


– Samtidig skreiv eg artiklar om kvinner sine rettigheiter og folkemordet i heimbyen min. Eg kritiserte korleis den arabiske eliten samarbeida med andre arabiske land om diskrimineringa i Sudan. Eg skreiv også om sudanske flyktningar sin situasjon i Egypt.

Moniém underviser i likestilling og menneskerettar i Egypt. FOTO: privat

Moniém underviser i likestilling og menneskerettar i Egypt. FOTO: privat

Det kom fram at flyktningar blei lurt av menneskesmuglarar til å reise til Israel. Viss dei ikkje betalte store summar, opererte smuglarane ut organa deira og selde dei. BBC og CNN laga reportasjar om saka. Moniém samarbeida også med Den internasjonale straffedomstolen (ICC) på grunn av dei drepne i Darfur.

Moniém utanfor lokala til International Criminal Court, organisasjonen som etterforska folkemordet i heimbyen hans. FOTO: privat.

Moniém utanfor lokala til International Criminal Court, organisasjonen som etterforska folkemordet i heimbyen hans. FOTO: privat.

– I 2009 blei eg og to vener tekne av egyptisk sikkerheitsteneste tre gonger. I 2010 var det fire. Eg hugsar ikkje kor mange gonger eg blei arrestert dei neste to åra.
Fordi dei ikkje var politi, og ikkje hadde lovleg grunn til å ta han, var han ikkje inne meir enn to veker av gangen.

– Eg gjekk dagar utan mat og vatn, og eg fekk ikkje gå på do. Vi blei tvungne til å fortelje alt vi visste, seier Moniém.

Vanskeleg som jente

Maryam budde framleis med familien utanfor storbyen Khartoum. Ho var midt i tjueåra og redd for å bruke stemmen sin.

– Det er ekstra vanskeleg for kvinner. Viss du er politisk aktiv, blir du både slått og valdteken. Vi brukte å seie at ingen jenter som blir henta av sikkerheitspolitiet kjem tilbake som jomfru. Derfor tør ingen å snakke, forklarar ho.

Gjennom ein familieven, fekk ho jobb som sekretær på ein barneskule. Ho torde å seie frå då afrikanske ungar blei diskriminerte på skulen.

Maryam i Egypt nokre år seinare. FOTO: privat

Maryam i Egypt nokre år seinare. FOTO: privat

– Eg høyrde at lærarar og elevar sa stygge ting, og behandla dei afrikanske barna annleis. Då blei eg sint og ga beskjed om at det ikkje er greitt.

Bryllaup utan brudgom

I desember 2010 får familien til Maryam besøk av fetteren og venninna til Moniém. Dei spør om Maryam vil gifte seg med han.

– Familien min diskuterte i sju månadar. Dei var redde for at livet mitt kunne bli farleg som kona til ein demokratiforkjempar. Men eg var stolt av Moniém. Hans problem var mine problem, fortel Maryam.

Mens dei planla bryllaupet, fekk Maryam sparken for å ha sagt frå om diskrimineringa på barneskulen.

– Dei bad meg ikkje kome tilbake, men eg sa at eg vil aldri tilbake. Eg skal til mannen min i Egypt, sa eg.

I mai 2011 var det bryllaup for Moniém og Maryam i heimbyen hennar, men han kunne ikkje kome heim. Det var for farleg.

Etter tre forsøk fekk Maryam lov av myndigheitene å fly ut av landet. Til den nybakte ektemannen i Egypt.

Paret skjerer kaka i det vesle bryllaupet sitt. FOTO: privat

Paret skjerer kaka i det vesle bryllaupet sitt. FOTO: privat

Der stelte dei i stand eit lite bryllaup saman. Mora til Moniém kom. Han hadde ikkje sett henne på tolv år.

Maryam og Moniém saman med mora hans i anledning den vesle seremonien. FOTO: privat

Maryam og Moniém saman med mora hans i anledning den vesle seremonien. FOTO: privat

– Fyrst var det berre kjærleik, men det skulle verte veldig komplisert, seier Maryam.

Barn i magen og mann i fengsel

Livet i Egypt blei verre enn Maryam hadde trudd. Sikkerheitstenesta fortsette å hente Moniém.

– Ein gong kom dei midt på natta. Moniém fekk ein telefon, og eg såg den var ubehageleg. Litt etter kom to menn og henta han. Neste kveld var han tilbake, men eg vart uroleg.

Maryam møter mannen sin for fyrste gong på fem år. Her på flyplassen i Kairo. FOTO: privat

Maryam møter mannen sin for fyrste gong på fem år. Her på flyplassen i Kairo. FOTO: privat

Dei fekk høyre at regjeringa i Sudan ville ha Moniém heim for å gje han dødsstraff. I april 2012 fekk Moniém endå ein telefon frå sikkerheitstenesta.

Dei sa han måtte kome til stasjonen for å få tilbake passet dei har teke frå han. På stasjonen blei det kaos og han fekk ikkje noko pass.

– Dei tok meg til Al-Qanatir-fengselet i Sahara. Herfrå skulle eg sendast til Sudan. Dei tortuerte meg ikkje, men dei putta meg i isolat i tre dagar, fortel Moniém.

Maryam fekk besøke han ti minutt i veka. Dei fekk ikkje prate om politikk, men Moniém gav ho lappar med informasjon i skjul.

Faren til Moniém kom på besøk i fengselet. Dei fekk ti minutt saman.

– Det var dei fyrste ti minutta på tretten år, og dei siste eg fekk med faren min, seier Moniém.

Maryam demonstrerer for at mannen hennar skal frigjerast. FOTO: privat

Maryam demonstrerer for at mannen hennar skal frigjerast. FOTO: privat

Noreg seier ja

Maryam arbeida saman med Amnesty og andre menneskerettsorganisasjonar for å frigjere Moniém. FN definerte han som kvoteflyktning, og sa dei skulle finne ei løysing. Dei kontakta ambassadar i Egypt.

– Noreg var det fyrste landet som sa ja. Eg blei lykkeleg, men klarte ikkje tru på det, seier Maryam.

Det hasta at også Maryam kom seg ut av Egypt.

– Vi fekk høyre at så snart Moniém var vekk, skulle dei ta ungen hans. Eg var over åtte månader på veg.

Moniém ba om å få seie hadet til foreldra og venene sine, men han blei frakta frå fengselet rett til flyplassen. Her stod han innesperra i ti timar. Moniém har grå bukse. Ein kamerat har teke biletet. FOTO: privat

Moniém ba om å få seie hadet til foreldra og venene sine, men han blei frakta frå fengselet rett til flyplassen. Her stod han innesperra i ti timar. Moniém har grå bukse. Ein kamerat har teke biletet. FOTO: privat

Etter 45 dagar i fengsel, møtte Moniém Maryam på flyplassen i Kairo. Det var 20. mai 2012, og dei skulle reise saman til Noreg.

Ei venleg hand

På Gardermoen blei dei tekne imot av ei ung, norsk dame.

– Heile flyturen hadde eg vore redd for at ingenting av det gode var sant. Då vi landa på flyplassen i Oslo, kom ei dame og la handa si om meg. Fordi eg var gravid, fekk eg sitje i ein rullestol. Som afrikanarar var vi ikkje vande med å verte behandla fint. Eg kjende meg trygg, hugsar Maryam.

Dei gjekk rett vidare på flyet til Hovden. I eit vårgrønt Volda blei dei møtte av ein mann som snakka både norsk og arabisk.

– Han kunne fortelle oss alt om Noreg på eit språk eg forstod. Det fekk meg til å slappe av.

I leilegheita på Bratteberg var alt gjort klart. Der var kjøkenutstyr og mat i kjøleskapet. Dei kunne begynne eit nytt liv. Det var på hengande håret.

To stolte foreldre kjem ut frå sjukehuset med nyfødde Bolad. FOTO: privat

To stolte foreldre kjem ut frå sjukehuset med nyfødde Bolad. FOTO: privat

– Atten dagar etter at vi landa på Hovden, fekk vi vårt fyrste barn, fortel Maryam.

Ikkje berre glad

Maryam gjekk i fødselspermisjon, og fekk ikkje gå på norskkurs det fyrste året.

Maryam og Moniém et lunsj med sønene på Høgskulen i Volda to år etter at dei kom til Noreg. FOTO: privat

Maryam og Moniém et lunsj med sønene på Høgskulen i Volda to år etter at dei kom til Noreg. FOTO: privat

– Moniém tok med heim det han lærte. Han hang opp lappar på ting rundt i huset. «Eit vindauge», «ein sofa». Eg trudde aldri eg skulle lære norsk, men det gikk, seier Maryam glad.

No er begge assistentar på barneskule. Maryam går på vidaregåande, og Moniém tar ein master på Høgskulen i Volda. Men dei slappar ikkje heilt av.

– Mora mi og søstrene mine er framleis i flyktningleir i Egypt. Dei har status som flyktningar. USA har sagt ja til å ta dei imot, men dei får ikkje kome inn i landet.

Sudan var eit av landa som president Donald Trump gav reiseforbud i 2017. Moniém har prøvd å få Noreg til å ta imot dei tre damene, men han får avslag. Moniém og Maryam tener ikkje nok til å få innvilga familiegjenforeining.

– Eg kan ikkje besøke mora mi, og ho kan ikkje kome hit, seier Moniém alvorleg.

Heile familien framfor det nye huset. Ein liten ligg og ventar i magen til Maryam. FOTO: Aina Ebube Helgheim

Heile familien framfor det nye huset. Ein liten ligg og ventar i magen til Maryam. FOTO: Aina Ebube Helgheim

Trampoline i hagen

No er Bolad seks år, og har fått ein veslebror, Nahiéd på fire. Det blei lite plass på Bratteberg, med berre eitt soverom. Kommunen gav dei ei større leilegheit i Røyslidvegen.
– Vi trudde det skulle bli bra, men der budde vi nær rus og bråk, seier Maryam.

No har dei nettopp flytta alle tinga sine til eit hus dei leiger i sentrum.

– Her blir det roleg og trygt for barna å vekse opp. I hagen skal vi sette opp ei trampoline.

I vegen framfor huset kan Nahiéd (4) og Bolad (6) leike trygt. Her har dei på seg tradisjonelle, Sudanske klede. FOTO: Aina Ebube Helgheim

I vegen framfor huset kan Nahiéd (4) og Bolad (6) leike trygt. Her har dei på seg tradisjonelle, Sudanske klede. FOTO: Aina Ebube Helgheim

Bolad og Nahiéd leikar i andre etasje. Ein av dei dett.

– Au, det var vondt. Du må gå i fengsel, seier den eine.
– Nei, du må i fengsel, svarar den andre.

Heldigvis forstår dei lite av kva dei orda betyr for pappa. Snart skal dei få ein bror eller ei syster.