Eit liv i veggen

Lidenskapen til Tore kunne kosta han livet, men har også løfta han ut av eit indre mørke.

To flatpressa hundefjes prøver å rive ned grinda i sin iver etter å ta oss imot på Gladheim gard på Moltustranda. Yret legg eit slørete filter over haustfarga trær som rammar det velstelte gardstunet inn.

Midt på tunet ligg eit heilt alminneleg kvitt hus, men inne på kjøkkenet får me auge på dei første teikna: ein karabinkrok og ein klatresekk hengande blant hundeband og ein fluesmekkar.

Nett som at han merka at me såg klatreutstyret reiser ein mann seg frå stua og kjem mot oss.

Tore Lundberg ser ut som ein friluftsversjon av ein redneck med sitt skulderlange kvite hår hengjande fritt. Det er umogeleg å ikkje leggje merke til den fargespekka bandanaen rundt halsen, samt brillene som verken er runde eller firkanta, men kunne vore tatt ut rett frå ein teikneserie.

Syltynne lepper former seg til eit lite smil i det furete fjeset. Det er som om han veit at han skil seg ut, og er stolt av det.

Fordi lik fjellsidene han klatrar i er Tore stødig. I seg sjølv. I heimen. I klatreveggen. Men også han har sprekkar.

– Det eg hugsar best var den bratte renna på veg opp til fjellveggen og då tenkte eg, dette skal eg aldri gjere att, seier han.

 

Då brukte eg berre ei lêrreim.eller flette eller hestehale, seier han med eit lite oppgitt smil.

Bandanaen, som nå er eit slags varemerke for Tore, hadde ennå ikkje fått sin faste plass rundt halsen og hovudet.

Sjølv om han humrer og ristar litt på hovudet av mangelen på sikringa i sine yngre dagar, er han klar på at det kan vere fatalt.

Eg har mange kompisar som har omkome under klatring, så det ikkje noko å leggje skjul på at klatring er farlig

Og det vart det nesten for Tore også.

Lêrreim som hjelm

Året er 1973. Tore er seksten og nyfiken. Roverspeidarane i Volda arrangerer ein klatretur til Molladalen og spør om Tore vil bli med. Svaret er eit rungande ja.

Det skulle vise seg å vere starten på eit langt liv i veggen.

– Det eg hugsar best var den bratte renna på veg opp til fjellveggen og då tenkte eg, dette skal eg aldri gjere att, seier han.

Den tanken slo ikkje rot, fordi det neste halve året lærte Tore og nokre kompisar seg sjølv å klatre. Men ikkje utan bekymringar.

Eg syns ofte det var skummelt. Det at me dreiv på med ting som ikkje var heilt innafor. 

Fordi dei hadde verken godt sikringsutstyr, instruktør, for ikkje å snakke om den altertive hjembruken;

Om eg har opplevd noko livstruande? Ja. Ein gong.

Året utan lidenskapen

Tore legg frå seg ipaden, der han har stått i Telia-kø, med eit sukk. Teknologi har han ikkje mykje til overs for.

Det var i år 1999 eller 2000. Det var sjelsettande, seier han.  

Han og nokre kompisar var på klatretur og sette seg til under veggen. Dei hadde ikkje starta å klatre endå. Så kom det.

Stein etter stein raste ned over dei.

-Det slo ned oss på alle mogelege plassar, det var ingen stad me kunne gøyme oss.

Tore fortel utan pause eller synlege kjensler. Han verkar upåverka forutan eit lite rist på hovudet og ein kort grimase. Sjølv om han ikkje viser det, skulle hendinga slå han totalt ut.

Då slutta eg å klatre. I eitt år. Eg hadde eit heilt års pause. Det har eg aldri hatt før eller seinare.

Men han starta å klatre att.

Sjølv om lidenskapen var nær ved å koste han livet, har den også løfta han ut av eit indre mørke, som for Tore var minst like tøft som dei fysiske farane.

-Midt i livet fekk eg som fortent i form av angst og depresjon.

Friminutt frå angsten

Kjøkkenvinduet opnar seg og ei smilande dame med sjarmerande skeive tenner kikkar ut.

Oj, eg vil ikkje forstyrre, men skal eg varme nokre sveler og ein kaffi? spør Johanne Moltu Lundberg mannen sin.

– Ja, gjer det, sett på, svarar Tore med eit nikk, før han snur seg tilbake.

Det er vanskeleg å tru at noko kan gå inn på denne klippa av ein mann. Men livet rammar også han.

– Midt i livet fekk eg som fortent i form av angst og depresjon.

Han spolar tilbake: heile livet har han slite med sosiale settingar, og har alltid trekt seg raskt tilbake. Omgjengelig er ikkje eit ord som skildrar Tore.

– Eg er egoistisk. Det veit eg.

Fortent eller ei, Tore gjekk til behandling i fem-seks år, og var ute av arbeidslivet. Han var langt nede. Men han klarte å klatra seg ut av det.

– Eg veit, utan det minste fnugg av tvil, at klatringa var viktig på veg ut av angsten. Når heile kroppen ristar, og det kvernar i brystet, då er det berre ein ting som tar bort det ubehaget og det er fysisk intens aktivitet, og det er nettopp det klatring er.

Han held fram:

– Det å klatre hardt og intenst var eit slags friminutt frå angsten.

Men friminutt kan ikkje vare for evig. Nå er Tore sekstiseks. Kven er han utan klatring?

– Dominerande, komanderande, ja det er du. Kanskje irriterande, litt skummel, seier Johanne.

– Har eg nokre gode eigenskaper då, spør Tore.


For mykje klatring?

Inne på kjøkkenet tar Tore ut mat frå kjøleskapet. Johanne dekker på bordet. Dei set seg ned ved sida av kvarandre og sippar på kaffien.

Tore og Johanne gifta seg då dei var tjue, men allerie frå starten vart også Johanne sitt liv prega av klatringa.

– Jaja, det har blitt for mykje klatring iblant, seier Johanne og ser bort på Tore over kaffekoppen.

Ho minnast spesielt ein sommar der ho jobba lange dagar på psykiatrien mens Tore satt heime.

– Og du teikna klatreruter. Fine tegningar, sirlige tegningar, nei, då var det ikkje balanse, sukkar ho oppgitt

– Men det vart jo ei bok av det, skyt Tore inn

– Ja, og kva tente du på den? Johanne skuler bort på Tore før ho svarar sjølv:

– Ingenting. 

På tross av ubalansen den sommaren er uvissa utan klatringa likevel verre.

– Då lurer eg på korleis det skal gå Tore, når du ikkje kan klatre, det er noko du berre må gjere, seier Johanne.

Tore trekkjer på skuldrene. Kroppen er framleis sterk. Han klatrar tre gongar i veka. Minst. Han drar framleis utanlands på klatreturar.

– Dersom helsa held, så står det ikkje på vilja og lysta, seier han om framtida.

– Det gjeld å finne noko som skaper meining her i livet, og klatringa har vore, og er, viktig for deg Tore, seier Johanne til ektemannnen.

Ho smiler ubetinga mot han. Det er som om dei stramme trekka hans mjuknar litt opp. Men lik ektemannen er ho ikkje blyg i skildringane av han: 

– Du er litt sånn alfahann.

– Du må seie meir enn det då, svarar Tore.

Og det gjer ho: 

– Dominerande, kommanderande, ja det er du. Kanskje irriterande, litt skummel.

– Har eg nokre gode eigenskapar då?

Dei ser på kvarandre. Johanne med eit glimt i auge, før ho gir etter:

– Du er jo mi klippe då Tore.

– Der kom det, han nikkar nøgd.

Det kan verke som om gardsnamnet Gladheim har smitta over på den barske klatraren der han smiler ved kjøkkenbordet.

– Blir livet enklare dersom du har ein lidenskap. Ja. Der er svaret mitt ubetinga ja. Du treng ikkje lure på kva du skal gjere i dag, eg veit kva eg skal gjere, eg skal gjere den vanlege tingen min og det er klatring.

Sjå og høyr meir om Tore her:. https://www.nernett.no/klatrekongen/175688