Fartsfykarane

Tekst : Kristine Sandnes
Foto: Maja Bachke Thomassen

Vi hoppar ikkje. Vi flyg!

På toppen av Loen Skylift står Sasha Stabell (25) klar med speedflyingskjermen.

No skal han snart ut og fly.

Med fem års erfaring i sporten har han bestemt seg for å endeleg delta i XSpeed-konkurransen på ekstremsportfestivalen X2 i helga.

Til vanleg jobbar han som sjukepleiar i Ålesund.

Fritida tilbringer han i lufta.

På folkehøgskulen var Sasha på søken etter adrenalin, og han var innom mange ulike ekstremsportar. Til slutt var det ein av dei farlegaste som fenga aller mest. 

Nemleg speedflying.

– Det eg likar med sporten er at du kan velje om du vil ha ein behageleg tur, eller om du vil kjenne at du held på å døy. 

Sasha legg ikkje skjul på at det følgjer stor risiko med sporten. Mykje tid går med til å vurdere vêrforholda og sjekke utstyret før han skal fly.

Han har hatt fleire skumle opplevingar som har sett spor. Likevel er det ei hending som skil seg ut.

Ein gong tok han opp vingen der han absolutt ikkje burde. Han blei så dregen utfor eit stup. Vingen og taua rota seg saman til ein ball. Han klarte ikkje å bremse. Han fall rett ned. Heldigvis blei fallet hans redda av store mengder laussnø.

– Det er nok det verste eg har opplevd.

Du er jo berre trygg til ei viss grad. Det er jo ein ekstremsport og det er farleg.

Sasha fortel at speedflying-miljøet har hatt mange ulykker samanlikna med fallskjerm og paragliding.

Det viktigaste er å sjekke alt utstyret ditt kontinuerleg. Ein må vere litt på jobb når ein driv med dette, seier han.

 Eg driv med dette for dei unike opplevingane og gleden.

–  Eg hadde så lyst til å fly, så til slutt berre gjorde eg det!

Thea Arnesen Vinje (21) starta å fly i januar. No har ho flydd 73 gongar.

–  Eg føler meg fri og lykkeleg når eg flyr.

Eg føler litt redsle innimellom. Det er et val ein må ta sjølv. Vi prøver alltid å gjere det så trygt som mogleg.

Voldastudenten Thea er ein av mange som har starta med speedflying den siste tida. Berre i Volda har den lokale gruppa gått fra ti til 25 flygarar dette året.

No gjenstår rundt 30 flyginger før ho kan ta fotstartarkurs - då kan ho fly helt utan ski.

Stor pågang

- Vi slit med å stille med nok instruktørar, seier Eilif Rosnæs, instruktør i Sogn fartsfykarlaug.

Rosnæs kan stadfeste at speedflying har blitt svært populært dette året. Dei slit med å dekke behovet.

Ifølge Norsk Luftfartforbund er det omlag 400 personar med aktiv lisens.

Da han starta å fly i 2011 var dei rundt 100 aktive flygarar i Norge.

- Vi kallar det ikkje speedflying, vi kallar det fartsfyking.

– Eg angrar ikkje eit sekund for at eg starta å fly.

Sjå Nærsynets reportasje om speedflying her!

Høyr reportasjen fra Radio Volda her: