For 150 år sidan kjempa Synnøve Riste for dagens kvinnesyn

Ingebjørg Røyrhus Øyehaug kan seie mykje om Synnøve Riste (1858-1889), men i høve kvinnedagen skal det handle om Synnøve sin kvinnekamp.


– Synnøve var særleg oppteken av kvinnesaka, at jentene i bygda skulle hevde seg med gutane og ta del i samtaler. Ho ønska at jentene skulle interessere seg for dei nye politiske tankane, seier Øyehaug.
Foto: Viti
I dette kvite huset ved sjøen budde Synnøve Riste. Nett no bur det fem studentar her for ein periode.

Ristegarden var møtestaden for kulturradikale ungdommar på Sunnmøre. Synnøve og hennar ektemann, Per Riste, dreiv også målskulen her, frå våren 1885. Her skulle ein trenast opp til å kunne undervise i nynorsk.


Synnøve Riste gjekk på Folkehøgskule i Gausdal, dette var ikkje sjølvsagt for kvinner på 1800-talet.
Kristendomen sto sterkt i Noreg på denne tida og Synnøve sine meiningar braut med dei kristne verdiane.
Det var nokså enkelt for Synnøve å vere motstandskvinne, då ho vaks opp i ei privilegert familie.
– Faren og onkelen var stortingsmenn. På denne måten var dei i kontakt med alt det nye, seier Øyehaug.
Øyehaug har inntrykk av at Synnøve blei høgt respektert av både sin far og onkel. Derfor hadde dei også gode samtaler i lag, om det som rørte seg i samfunnet.
– Synnøve hadde vore ei radikal dame om ho hadde levd i dag, men ho var ei av dei fyrste som uttrykte dei moderne tankane, seier Øyehaug betenkt.



Synnøve jobba i avisa Vestmannen. Dette fortel Kari Hasle.
– Synnøve Riste var ei av dei fyrste kvinnene, om ikkje den fyrste, som blei redaktør for ei avis som kom ut her i Volda. I tillegg skreiv ho på nynorsk, fortel Hasle.
Allereie tidleg på 1880-talet ønskte Synnøve at kvinner også skulle ha røysterett.


– Synnøve er eit menneske som gjer at vi kan reflektere over at dei rettane vi har i dag ikkje er sjølvsagte, seier Hasle.

Ingebjørg sit framfor ein vegg med portrettbilete. Tapetet er gamalt og brunleg i fargen. Ho les opp deler av Synnøve Riste si dagbok.



«...Eg tenkjer den tidi maa koma no, daa me ikkje ser paa gjenta berre som ei «gjøledokke», som ikkje dugar til annat enn aa sulla i svevn ein skrikande unge og koka ein skapeleg graut. Skal kvinna verta det ho skal, lyt ho upplærast ikkje berre til aa skyna mannen sine tankar og interesser - endaa det me vilde vera eit bra framstig - men ho skal kunne liva sit eiget tankeliv og hava eit sjølvstendugt, fritt syn paa eit ord: trælemerket skal sopast vekk fraa panna hennar ogso paa dette umraadet."
Dette skriv nokon underteikna "S" til Vestmannen tidleg i 1888. Øyehaug trur denne "S" er Synnøve Riste.
Synnøve fekk kallenamnet "Fjøyra som dreiv".
