For kvar trebit som Abdulrahman forsiktig skjer bort, byggjer han opp igjen ein forbindelse til heimlandet

– Frustrerande at det ikkje finst eit større miljø for treskjering
Tekst: Sunniva Gimmestad
Foto: Andrea Holm Tanderø





I Syria jobba Abdulrahman Sawas (45) som treskjerer. Yrket arva han frå sin far.
Der er det populært å drive med treskjering og handverk. Det er ein del av kulturen å smykke ut husa sine til det vesle ekstra.
I 2021 kom Abdulrahman og familien til Norge gjennom flyktningkvota. Han hadde håp og draumar om å framleis leve av treskjering i eit land med hav av moglegheiter.
På Vikebygda skule i Volda sit Abdulrahman midt i noverande prosjekt, det som no berre har blitt ein hobby. Han begynte på biletet i dag, og det skal vise kjærleik mellom to hestar.
– Eg er ein romantikar, og det prøvar eg å spegle gjennom bileta eg lagar. Eg hentar inspirasjon frå andre bilete, og utviklar det til noko eige. Nokre gonger tenner eg lys, og lagar bilete utifrå det eg ser i skuggane.
– Mykje av inspirasjonen kjem også frå arkitekturen i gamle Egypt, Romerriket og antikken.
Då han kom til Volda begynte han å lære seg norsk på læringssenteret i Vikebygda. Her fekk han moglegheit til å sitte med treskjering på fritida – det han hadde sakna aller mest frå heime.
– Det er godt for psyken å koble av på denne måten. Kunsten døyr aldri, men eg håpar at dette yrket ikkje forsvinn.




Abdulrahman er for tida tilbake på vidaregåande skule, der han går industri og teknologi på Hareid.
Han synest det er dumt å ikkje kunne jobbe fulltid med treskjering, og føler seg åleine i interessa.
– Noreg er eit vakker land med mykje natur, og eg er litt skuffa over at eit yrke som mitt ikkje har større betydning. Spesielt når ressursane og potensialet er der, seier Abdulrahman.
– Det er litt frustrerande at det ikkje finst eit større miljø for å leve av dette.
Abdulrahman fortel at det er demotiverande å ikkje kunne dele interessa med andre, der ein saman kan gje kvarandre motivasjon.
– Min største draum er å jobbe med det i like stor grad som eg gjorde i Syria, før eg og familien måtte flykte, seier han og ser på bileta frå Syria.





Reiskapane har han teke med seg frå Syria.
"Det er min natt og min livs draum" og "Dagane går rundt" står det skrive på treskjerar-jerna.
Før han kom til Noreg, budde han nokre år i Libanon. Bekjente der nede har no invitert han med på ein treskjeringskonkurranse i Japan.
– Eg er medlem av ein organsisasjon som jobbar for å beskytte treverk og ved. Det er dei eg reiser gjennom. I konkurransen skal eg representere Noreg.
Vegen fram til å delta i konkurransen, har derimot ikkje vore enkel. 45-åringen har ikkje hatt gyldig flyktning-reisebevis i Noreg, og har med sitt syriske pass slite med å reise og skaffe visum.
Etter ei krevande utfordring med å få tak i rette papir, har han endeleg lukkast.
– Eg ser veldig fram til å møte andre som har den same lidenskapen for treskjering som meg, og bli inspirert av andre treskjerarar.
– Eg reiser åleine til Japan i starten av april, og organisasjonen dekkjer opphald og reise ned. Under konkurransen skal alle deltakarar delta på live-sending, kor vi har tre dagar på å fullføre eit prosjekt.
Til slutt vil det stå igjen ein vinnar.

Heime i kjellaren har Sawas laga til sin eigen vesle verkstad. Her kan han kople av og halde liv i yrke.
– Eg har eit håp om at eg ein dag kan leve av det igjen. Det som likevel driv meg til å framleis halde på med det, er at den delen av livet mitt som er borte, lever vidare gjennom treskjeringa.