Frå draumestart til skademareritt
Med fem mål på fem kampar var Anna Aahjem godt i gong med det som skulle bli hennar sesong i Brann.
Slik blei det ikkje.
Anna Nerland Aahjem frå Vanylven blei toppscorar i Toppserien to år på rad. Ved starten av 2025 jakta ho sin tredje strake tittel.
Dette skulle bli hennar sesong.
Då Brann skulle spela sin femte kamp i Toppserien i vår, var Anna framleis i rute.
Ho scora kampens første mål etter 13 minutt.
Lite visste ho at det skulle bli sesongens siste.
Rundt 35 minuttar ut i kampen landa 25-åringen feil etter å ha fyrt av eit skot.
Fremre korsband rauk, og sesongen hennar var over – nesten før den rakk å starta.
– Eg forstod med ein gong kva som skjedde, at det var korsbandet, fortel Anna.
Likevel hadde ho eit håp om at legen skulle seia noko anna.
– Eg berre brast ut i gråt. Det er jo den beskjeden ein ikkje vil ha.
Dei siste månadane har vore prega av ein annleis treningskvardag for 25-åringen.
Å trena og å spela med laget kvar dag, blei plutseleg erstatta med timar på styrkerommet – åleine.
– Nokre dagar er det veldig einsamt. Spesielt når eg veit at resten av lagvenninnene får spela på bana og gjera det dei elskar.
– Og det som eg elskar, fortel spissen.
Då Anna blei skada i april, hadde bergensklubben mange spanande kampar i vente.
Etter dei endte på andreplass på tabellen sesongen før, skulle dei møta store europeiske lag i kvalifiseringa til Meisterligaen.
Om sommaren skulle det også vere Europameisterskap, og Anna håpa at ho kunne vere ein del av laget som skulle kjempe for Noreg.
Timinga kunne ikkje vore dårlegare.
– Det svir i hjartet å kjenna på det å sitja på tribunen, fortel ho.
Sjølv om ho synast det er keisamt å ikkje få spela, brukar 25-åringen heller kampane på tribuneplass som motivasjon til å kome seg tilbake sterkare enn det ho var før.
– Eg har lyst å spela fotball og då må eg gjere jobben som krevst.
Anna legg ikkje skjul på at dei siste månadane har vore tøffe, men at ho har hatt gode støttespelarar som har hjelpt ho gjennom skadeperioden.
Det er ein person som har betydd ekstra mykje for Anna.
Nemleg kjærasten.
– Han har vore ei klippe. Det hadde ikkje gått utan han, seier ho med tårer i augo.
Anna har sett seg nøydd til å setja fotballskoa på hylla ut sesongen.
Ein operasjon og fem månadar etter kampen ho blei skada, har vanylvingen framleis ein lang veg å gå.
No gjenstår det fleire timar på styrkerommet før bergensarane igjen kan få sjå Brann sin nummer 17 i aksjon på Brann stadion.
Ho er likevel fast bestemt på at ho skal tilbake i storform, tilbake på bana og tilbake til laget.
– Etter eg hadde fått summa meg litt, endte det med at eg fekk eit lite killerinstinkt.
–Dette skal eg klare.
