Gravfødselen

Historia om då éin blei til to – under jordas overflate

Året er 1841. Sola har gått ned, og bakken er kald.

Den gamle handelsmannen Jakob Olsen er på veg heim. I februarkulda må han krysse ein kyrkjegard for å kome til båten sin.

Plutseleg høyrer han ein lyd.

Eit kvelande skrik. Frå under jordas overflate.

Få kista opp!

Kunne lyden kome frå grava til Anna Margrethe Irgens Holst?

Ho blei gravlagd tidlegare på dagen, og hadde lege på likstrå i fleire dagar før gravferda.

Olsen hentar tak i folk frå tunet. Dei må grave opp kista som nyleg har blitt senka.

Fleire personar bestemmer seg for å ro mot Voldsund. Der var Anna busett saman med ektemannen – overtollbetjent Johan Christopher Brun. Han må få overlevert beskjeden om kva som har skjedd.

Spa i jorda. Spa i jorda. Dei må få opp kista.

Kanskje det ikkje er for seint?

Er det mulig å redde eitt menneskeliv?

Kista står framom dei. Den blir opna.

No ligg der ikkje berre ei kvinne. Kvinna har fødd eit barn.

Begge er døde.

Dette er historia om Anna med barnet.

Men er historia sann?

– Slik har historia blitt fortalt gjennom fleire generasjonar, seier Nina Elisabeth Bøe.

Ho har formidla sagnet om Anna til turistar, skuleklasser og slektningar av Herøyværingar i fleire år som gaid for Herøy kystmuseum, der ho arbeidde før.

Over 150 år har gått sidan jarnkrossen blei sett opp av Johan Christopher Brun.

Over 150 år har gått sidan jarnkrossen blei sett opp av Johan Christopher Brun.

Sjølv blei Bøe introdusert for historia i ung alder.

– Eg trudde nok på den. Dei vaksne fortalde den, og dei høyrer ein på, ler ho.

I dag meiner ho vi bør ta historia med ei klype salt. Det er ikkje mulig å føde eit barn når ein er klinisk død.

Folk spekulerer likevel i om det kan vere sant. Kunne det ha vore skinndød, eller at dei tok feil i at Anna var død?

– Det er ei gåte for oss.

Sterk, symbolsk verdi

Det er fleire stadar i historia som kan få dei fleste til å klø seg i hovudet.

I kyrkjebøkene står det at Anna Holst døydde 23. januar 1841.

På gravsteinen står det derimot at ho døydde 2. februar same året.

I tillegg til dette, er det fleire ulike versjonar av fortellinga.

Ein av dei meir vulgære versjonane fortel at då kista til Anna blei opna, hadde ho hår mellom fingrane. Ho hadde reve av seg håret i rein desperasjon av å ikkje kunne kome seg ut.

Nina Elisabeth Bøe seier fleire personar skal ha ønska å ta ut grava for å finne ut kva som ligg i kista. Det er ho sterkt i mot.

Nina Elisabeth Bøe har opplevd at born kan bli litt skremte av historia om Anna.

Nina Elisabeth Bøe har opplevd at born kan bli litt skremte av historia om Anna.

– Ønske om å vite alt er eitt utrykk for vår tid. Alt skal vere vitskapeleg bevist, og der bør helst ikkje vere mysterium lenger. Om det mystiske forsvinn, mistar vi noko veldig viktig.

Jarnkrossen med inskripsjonen «Anna med barnet» som blei sett opp av overtollbetjent Brun har vore ein signatur for Herøy gard. Staden som har røter heilt tilbake til vikingtida.

– Historia på denne staden er ein del av Herøyværingane sin felles identitet.

I dag er begge kyrkjene som stod her borte, men fortellingane om alt som hende på Herøy gard lever framleis gjennom historier fortalt i fleire generasjonar.

Ibsen ville ikkje ha det

Historia om Anna har levd sitt liv i fleire tiår.

Kor historia dukka opp for første gong veit ingen. Nokon trur den kjem av fleire segner som har blitt til ei. Andre trur historia er mykje nyare enn ein først har trudd.

Gravsteinar frå mange mannsaldrar ligg under det svære treet som ruvar over kyrkjegarden på Herøy gard.

Gravsteinar frå mange mannsaldrar ligg under det svære treet som ruvar over kyrkjegarden på Herøy gard.

Ektemannen til Anna, Johan Christopher Brun, var storsjarmør og poet. Overtollbetjenten deltok ein gong på ein konkurranse utlyst av teateret til Henrik Ibsen.

Stykket Brun skreiv skal ha blitt sendt rett i retur. Litteraturforskarar har i ettertid kritisert syngespelet sønder og saman.

Kunne han, med sin spinnville fantasi, ha vore den som starta heile historia som framleis blir fortalt nesten 200 år etter det skal ha skjedd?

– Mykje tyder på at han var ein mytenes mann, men kor mykje han har vore med å bygge denne historia vil ikkje vi spekulere i, seier Nina Elisabeth Bøe.

Reint oppspinn

– Eg har inntrykk av Johan Christopher Brun som ein uhøgtideleg og koseleg gubbe, seier Jardar Eggesbø Abrahamsen.

Jardar Eggesbø Abrahamsen. Foto: Judith P. Abrahamsen

Jardar Eggesbø Abrahamsen. Foto: Judith P. Abrahamsen

Til dagleg er han førsteamenuensis i språkvitskap ved NTNU. Dei siste åra har han brukt fritida si til å sjå nærare på kven overtollbetjent Brun var.

– På 1840-talet kom ein statsråd på besøk til Røyra. Sonen til Brun kom heim frå skule i Molde og kom med den same båten som statsråden. Då vende overtollbetjenten ryggen til statsråden og gav sonen ein stor klem.

Det var uhøyrt å gjere slik på den tida. Abrahamsen fortel det seier litt om kor glad han var i familien sin. Gjennom slikt som han skreiv, var det klart at Brun var umåteleg glad i kona Anna, og i borna sine.

– Eg trur at grunnen til at det står Anna med barnet på jarnkrossen, er den kjærleiken J.C. Brun hadde til familien, og at han ikkje var redd for å vise det.

I ungdomsåra var Abrahamsen omvisar ved museet på Herøy gard. På den tida formidla han sjølv historia til besøkande, som ei skrømtesoge.

Likevel er det ein ting han vil klargjere for alle som er i tvil:

– Historia om Anna med barnet er berre oppspinn.

Marius Åmbakk Bjørkedal – Tekst og foto

Lisa Rubeka Fylling – Illustrasjonar