Hestetannlegen

I bagasjerommet har ho tannlegeutstyr, ein dunk med frosen oksesæd og eit par ski. Ho er med andre ord: klar for det meste.

Bilete av hest og veterinær Hillestad

I Stall Teigane på krøvelen i Ørsta, står veterinær Linn Anett Hillestad klar for dagens økt.

Ho dreg i eit handtak som ligg i bagasjerommet på bilen, og ut kjem ei skuffe full av små flasker, sprøyter, og det som ser ut som heilt vanleg tannlegeutstyr

–Det er litt gøy, eg kjøper utstyr frå same sider som vanlege tannlegar gjer, seier ho medan ho pakkar ut utstyret.

Veret er mildt og overskya, og det er tidleg på morgonen. Inne i den raude stallen står der 13 hestar, nokre av dei er føl som nærmar seg eit år gamle. Over radioen i stallen spelar morgonsendinga.

–I dag skal eg ta ein tannsjekk på fire hestar. Der eg skal sjekke for tannsjukdommar, fôrinnpakningar, og sjekke om der er nokon spisse kantar på tennene slik at eg får raspa dei ned, seier veterinær Hillestad.
Ho anbefaler at ein hesteeigar burde ta ein tannsjekk på hestane sine minst ein gong i året.


Vi ser bilen til veterinær Hillestad


–Kva er dei største tannplagene hos ein hest?

–Dei kan ha mange forskjellige problem, til dømes tannspissar som kan gi sår i munnslimhinna eller karies som er hòl i tennene.

Dei kan også få fôrinnpakningar, som er fôrrestar mellom tennene. Strå og andre fôrrestar som ligg å pakkar på seg. Det blir ei stor plage som kan føre til at hesten mister tenner.

–Menneske kan jo bruke tannpirkar, men det kan jo ikkje hesten. Alle desse problema er veldig smertefulle for hesten, seier Hillestad.

Vidare legg ho til at det er utruleg viktig at hesten har ein velfungerande munn. Det går så mykje kommunikasjon mellom hest og ryttar gjennom munnen.

Vi ser Veterinæren med utstyret sitt

Den nyutdanna veterinæren har hatt hestedilla lenge, og legg ikkje skjul på at hest er best.

–Eg var ei lita hestejente, sjølv om eg er oppvaksen i Stavanger by. Abonnerte på Wendy-blad og heile pakka. Var også på rideleir om sommaren. Er også oppvaksen med hest, hund og kaninar. Eg har ikkje hest sjølv akkurat no, men eg veit eg skal ha hest ein gang i framtida, seier ho.


No aspirerer ho til å bli den tredje utdanna hestetannlegen i Noreg.

Det er ei kursbasert etterutdanning for veterinærar som går over fem år medan ein jobbar. Tradisjonelt sett har ein ikkje trunge å utdanne seg til hestetannlege, men det har skjedd mykje innan faget dei siste åra. Ho meiner sjølv ein treng meir utdanning om ein skal jobbe mykje med det. Sjølv har ho tatt delkurs ein, men skal til på delkurs to i Sverige.

–På slutten av kurset er der en stor eksamen, og eg har høyrt at opp mot 70 prosent av alle som tek eksamenen stryk, og då er ein allereie fullt utdanna veterinær frå før, seier ho

Linn Anett byrjar å bere inn kassane ho har klare frå bilen. Ho sett dei på betonggolvet, midt i den raude stallen.

Den fyrste hesten ut er Dekkja. Ein 17 år gamal mørkebrun islandshest.

Hesten får øyrebeskyttelse som får den komisk nok til å sjå ut som Batman. Det er for at hesten ikkje skal bli redd for lydar rundt seg medan den er under behandling.

Linn set ei lita sprøyte nedsida på halsen av hesten og finn godt fram til ei blodåre i den mørke pelsen.

Målet med sprøyta er å bedøve hesten slik at den sovnar ståande. Hestar har ein spesiell anatomi som lar dei «låse» beina, som kan sove ståande utan å bruke energi og muskelkraft.

–Det er ei veldig hårfin balanse mellom for mykje og for lite sovemedisin i blodet. Ein vil jo ikkje at hesten skal kollapse og velte, og ein vil jo ikkje at hesten skal vere vaken og vanskeleg å ha med å gjere, seier Linn

Dette er ei av dei største utfordringane. Spesielt når ho ikkje har behandla hesten før og fått journalført korleis den reagerer på medisinen.

Dekkja er framleis ganske vaken, og let seg ikkje handtere.

Det verkar som om ho treng litt meir enn ei standard dose og får litt til, men hesten blir søvnig til slutt.

Linn sett eit munnjern på hesten. Ho skyller deretter munnen til hesten med ei overraskande stor sprøyte full i vatn.

Ho fører deretter hovudet til Dekkja
opp på ei høg støtte.

På Dekkja finn Linn Anett kjapt eit bittelite strå som kan vere vanskeleg å oppdage for det blotte auget.

Dette er ei fôrinnpakning, og kunne fått hesten til å miste ei tann om den hadde gått ubehandla.

Ho fekk auge på det vesle strået med hjelp av ein overdimensjonert spegel, ikkje ulikt det ein finn hos ein vanleg tannlege.


Ho får også auge på eit skarpt hjørne på ei tann lengst og bakarst i munnen på hesten. Då tar ho på seg det ho sjølv skildrar som ei dyr og god investering. Det er ein stor elektrisk bor, kopla på ein vest.

–Før måtte ein bruke handrasp, som var vanskelegare å bruke, og tok mykje lenger tid. Ein har tre millimeter å gå på før ein når sensitive område på tanna. Så det er ikkje berre å raspe for å raspe, seier veterinæren

Veterinæren går vidare på framtennene, der ho finn eit lag bakterieplakk, som ikkje luktar særleg godt.

Den gule plakken blir forsiktig skrapa vekk med ei helt vanleg tannlegeskrape. Plakken kan skape betennelse, og er veldig deilig for hesten å få fjerna.


–Eg driv mykje med ekstremsport. Mykje bratt skikøyring og kiting. Ekstremsport kan ikkje samanliknast med det å få den forbindelsen til 500 kilo med hest mellom beina dine. Ein kan få hesten til å gjere det ein vil berre med å nærast tenkje, seier ho

I mellomtida stryk ho Dekkja på mulen og oppover naseryggen. Hesten er i ferd med å vakne.

–Den les kroppsspråket ditt med styring av vekta di og berre eit lite drag på handa. Den kjensla når ein jobbar som ein organisme med hesten er unik og kan ikkje samanliknast med noko, legg ho til.


Ho fortel at det å drive med hest er nærast ein ekstremsport i seg sjølv.

–Det einaste eg har skada meg på er hest. Det er jo eit stort dyr. Eg har stor respekt for hesten. Å drive med hest får ikkje så mykje ros som det fortena. Det er jo ein ekstremsport i seg sjølv, ler ho


HMS blir sjeldan tatt opp i veterinærsamanheng. Det er tungt arbeid, tunge løft og rare arbeidsstillingar.

På veterinærskulen lærte ho at det er betre å stå og øydelegge ryggen enn å bli sparka i hovudet.

–Vil hesten merke skilnad etter du har vore her?

–Ja, den merkar at eg raspa vekk den biten. Den har det deilig fordi eg fjerna strået også, som ikkje ligg der og irriterer lenger.

Linn Anett ser seg ferdig med Dekkja, og hesten blir sakte leia inn mot sitt området igjen. Hesten vaknar kjapt og blir seg sjølv igjen på kort tid.

Det har byrja å bli lysare ute, sola er komen fram bak skyene, og morgonsendinga er over. Den neste hesten er Aleiga. Veterinær Hillestad gjer seg klar med neste dose sovemedisin, og sjekkar at sprøyta funkar som den skal.

–Hestejenter er dei tøffaste jentene