–Det er det lille "egg"stra!

No er påska like rundt hjørnet og biblioteket i Volda har i år kome med ein ny ide til korleis barn og ungdom kan få lyst til å lese ei god bok i påska.
– Me ønskjer å bidra til auka leseglede, og gjere det kjekt å lese for barn og ungdom, forteller Sofie Martine Møller (21).
Sofie er ansvarleg for prosjektet "eggstraordinær påskepose".
– Det er ikkje berre bøker ein får i posen, det gøymer seg også noko "egg"stra, fortel ho.




Sofie fekk inspirasjon frå Stryn bibliotek, og gav forslaget til kollegaene sine.
– Dei var med på det, så då starta eg med ein gong å lage plakat og skjema, fortel Sofie.
Ordninga verkar som ein suksess. Etter at innlegget vart delt på Facebook, fekk dei inn 50 bestillingar på berre ein dag.
– Det kan bli litt mykje arbeid, men eg satsar på å få til alt saman, sier ho.
Sofie fortel at dei fleste som har søkt ønskjer sjangeren spenning i posen.
– Me plukker også ut ei bok dei kanskje ikkje hadde valt sjølve, men som me trur dei vil like, fortel ho.
Posen blir tilpassa alder, ønskje om sjanger, og kor mange bøker ein ønskjer. I tillegg blir det lagt med tre fargeark og det lille "egg"stra attåt.

Sofie syns det er fint å kunna gjere det gøy for unge å lese, då ho sjølv også las mykje som ung.

Les i staden for å leika.
– Eg høyrer jo veldig dårleg, og måtte finne eit yrke som er relativt roleg slik at eg kan høyre kva folk seier. Eg ønskte ein jobb der eg kan prate med menneske, fortel Sofie.
Sofie har Cerebral Parese og sit ofte på skulebiblioteket og les. Sidan barndommen ho hatt stor glede av dette.
– På grunn av CPen sat eg ofte inne i friminutta og las mykje for å få tida til å gå.
No tek Sofie biblotekarutdanning over nett ved sidan av jobben. Ho fortel at jobben gir henne ei betre forståing av pensumet på skulen.
– Etter berre to dagar som ekstrahjelp på biblioteket i Ulsteinvik, visste eg at det var dette eg har lyst til.
Sofie les mykje bøker og favorittsjangeren er fantasy.
– Då eg var lita leika eg ofte bibliotekar, så eg har jo fått draumejobben, seier ho.


Det er framleis moglegheit for barn og ungdom å melde seg på. Skjemaet ligg på nettsida og Facebook-sida til Volda bibliotek.
– Fristen for å søkje er 1. april, og så må ein hente posen innan tysdag 4. april. Lesaren får då ein månad på å lese bøkene. Viss dei ønskjer meir tid, er det også mogleg å få til.


–Ja smågodt er det lille "egg"stra, avslører Sofie.
