Kystgeitene tilbake i Herøy
Førre veke henta Anine Leine Lerø kystgeiter til Flåtten gård på Bølandet i Herøy. Flokken med dei fem søstrene blir leda av den største geita med lengst skjegg, Klara. Til neste haust skal dei óg få ein bukk til småbruket, og forhåpentlegvis kje.
Anine er på veg for å mate geitene. Det gjer ho tre gonger om dagen for å sosialisere dei, og for at dei skal lære seg lyden av bøtta med tørrfôr. Sjølv om kystgeiter kan overleve heilt utan menneske, er det kjekt om dei kjem når ein lokkar på dei.
Skjulet kor geitene for tida oppheld seg, er heimesnekra av tre frå eigen skog, og frå naboen sin skog. Seinare skal geitene få gå ute på den store tomta. Ved hjelp av nofence-teknologi skal dei få gå fritt. I staden for eit gjerde som gjev støyt, har geitene ein klave rundt halsen som gjev frå seg lyd når dei nærmar seg utkanten av området deira.
Kystgeitene er spretne.
Kystgeitene er óg svoltne, og vert leigde ut som grasklipparar.
Flåtten gård og fem andre gardsbruk har gått saman for å starte Sunnmøre og Romsdalen Kystgeitlag. Då kystgeitene er utrydningstruga, er dei som held på med dyra med på å bevare arten. Heldigvis ser talet ut til å auke, og dei seinare åra er dei blitt populære.
Det finst også moskusender på Flåtten gård.
Og ein hage kor Anine og Bastian dyrkar litt av kvart. Som til dømes salat og kvitlauk. Dei har også både mandeltre, valnøttre og aprikostre!
Og sjølvsagt poteter.
Anine gler seg til geitene skal sleppast ut, og får gå fritt.