LA DET SWINGE

Trommesett og notestativ er skubba inn i hjørnet av eit musikkrom ved Kulturskulen i Ulsteinvik. Demenskoordinator Kamilla Grimstad Hagen løftar hendene i vêret: No skal det syngast.

Høge tonar, latter og klunking på piano. Det nyoppstarta demenskoret i Hareid og Ulstein er i gong med stemmeoppvarming før deira aller fyrste korøving.

Siv Rabben på 63 har bladd opp på aller fyrste side i songheftet. Sjølv om ord ikkje lenger er like lette å finne, sit vers og refreng som støypt.

I ein halvsirkel sit ho saman med kvinner og menn som alle er ferske medlem av demenskoret.

På utsida sit pårørande og lyttar til song frå sine kjære. Ein av dei er ektemannen til Siv.

Johannes Kristian Bjøringsøy, også kjend som "Bassa", har sett seg til rette blant dei andre pårørande på bakrommet.

64-åringen mimrar tilbake til musikalske reiser til konsertsalar både i Noreg og utlandet saman med kona Siv.

- Musikk er stort

Bassa fortel kor mykje musikken har betydd for kona. Dei har mellom anna spela uttalige timar saman i korps. Han på kornett, ho på trombone. Som 40-åring bestemde ho seg for å spele fløyte, noko ho gjorde, og enda gjer.

- Berre gje ho eit instrument, so skal ho nok spele det til deg, seier Bassa med eit lunt smil.

Sjølv om latteren sit laust på øving, har det ikkje alltid vore like lett. For nokre år sidan byrja Bassa å forstå at noko med Siv var annleis, noko var gale.

For fem år sidan kom beskjeden: Siv hadde fått demens.

Trass i tunge tider, har Bassa trua på at demenskoret kan verke som noko positivt i kvardagen til Siv og dei andre medlemma.

Kamilla Grimstad Hagen, Mari Ann Vattøy og Oddgeir Nygjerde hadde alle sett "Demenskoret" på NRK då folk i bygda byrja å ta kontakt med dei.

Beskjeden var tydeleg: Ulstein og Hareid skulle starte demenskor.

Ikkje lenge etter var planlegginga av demenskoret i gong.

Sjølv om initiativtakarane har fått ei rekke positive tilbakemeldingar, er det også nokre som har vore skeptiske. Mari Ann fortel om folk som sat spørsmålsteikn ved demenskoret og meinte at deltakarane kom til å gløyme teksten.

- Nei, musikk gløymer ein ikkje. Ord kan forsvinne, men musikken, den sit.

Sjølv hadde Mari Ann ei mor med Alzheimers. Etter ei tid vart det vanskeligare med språket, men då Mari ann byrja synge, kom både ord, melodi, og attpåtil ei andrestemme frå mor hennar.

Demenskoret er godt i gong med avslutningssongen.

Sist ut er MGP-klassikaren frå 80-talet: La det swinge. Både armar og bein er med når koret i halvsirkel syng for full hals.

"La det swinge la det rock'n'roll
La det swinge til du mister all kontroll"

Koret får full applaus og det er på tide å avslutte øvinga. Utanfor står Bassa og ventar. Mot han kjem Siv smilande. Dei er allereie klare for neste øving.