ÅLEINEMOR PÅ FLUKT

Ein knapp månad har gått sidan Olga (38) kom til Ulsteinvik saman med den vesle dottera si.

Det bles opp til storm like ved Ulsteinvik. Her husar flyktningmottaket kring 170 flyktningar - alle med kvar si sterke historie.

Krigen i Ukraina har ført over 4 millionar menneske på flukt frå heimane sine. Flyktningmottaket i Ulsteinvik er eit av fleire mottak som har opna dørene sine. Her bur titals familiar saman, deriblant Olga Omelnytska (38) saman med dottera Yelyzaveta Mykhailova (1 år).

I byen Zaporizjzja, heilt aust i Ukraina levde Olga og kjærasten hennar eit tilsynelatande normalt liv. Dagane bestod av å oppdra familiens nye tilskot, gå på turar og besøke kjende og kjære. Slik var det, heilt til dagen dei fekk den frykta telefonen.

– Eg hugsar vi vart ringt opp av familie og vener tidleg på morgonen i februar. Det var fullt kaos - det var krig.

Olga fortel om urolege dagar der familien måtte søkje tilflukt i kjellaren fleire gonger for dag. Utanfor den elles trygge heimen ulte sirenene og frykta spreidde seg raskt hos den vesle familien.

Olga og dottera kom seg trygt til Noreg, men slik vart det ikkje for far i familien. Etter ukrainsk lov må menn mellom 18 og 60 år vere att og forsvare landet. Om det hadde vore opp til Olga hadde ho aldri reise frå familen og kjærasten, men denne gongen måtte mammahjartet vege tyngst.

– Ei mors viktigaste oppgåve er å redde barna frå fare.

Fare er det framleis, men no med god avstand. Med avstand kjem også saknet etter familie. Åleine med den vesle jenta har videosamtalar med dei heime døyva noko av saknet, men ikkje alle samtalar er like lette.

– Vi kunne ikkje halde fram med videosamtalane. Eg byrja å gråte og det same gjorde dei heime. Det er vanskeleg å skulle forklare vesle Yelyzaveta kva for grufulle hendingar som skjer der heime.

Trass i den uvisse tida finn Olga lyspunkt i kvardagen. Ho er takksam for å ha kome til Ulsteinvik, og særleg for varmen innbyggjarane har vist.

Trass i eit trygt mottak og eit samfunn med opne armar, kan ingenting målast med huset i heimbyen i Ukraina. Mottaket er lite og romma trange. Å skulle stue heile livet sitt innanfor eit rom på få kvadratmeter er ikkje noko lett oppgåve.

Heldigvis har den vesle familien fått boltre seg fritt i Ulsteinviks natur. Olga peikar mot ein av knausane like ved mottaket. Dit drøymer ho om å klatre.

For draumar og håp har ho enda.

– Når alt har fått roa seg litt, skal eg ta med Yelyzaveta tilbake. Mitt største håp er å få flytte heim, til heimbyen, men helst til eit hus som enda står.

Sjå video nedst i saka