Mysteriet om Michael Cross

Bak denne døra i eit kontorbygg i sentrum av Fosnavåg, sit forfattaren bak psevdonymet Michael Cross.

Sommaren 2018. Den 59 år gamle mannen frå Herøy sendte inn sitt ferdige manus til forlaget. Han har jobba med thrilleren i over fire år og kjenner seg klar til å levere. 59-åringen har skrive på sine eigne historier sidan 2004.

Han får manuset godkjent frå forlaget. Den 13 år gamle draumen er oppfylt.

Etter eit år med etterarbeid og omskriving, var boka klar for publisering. I november 2019 var thrilleren «Der sannheten dør» ute i verda.

Mars 2020. Ingeniøren sitt på eit romsleg kontor midt i Fosnavåg sentrum. Der driv han sitt eige firma.

Veggane er dekte med kart.

–Korleis var det å halde boka di for første gong?

–Det var utruleg artig. Det var ei stor kjensle å sjå den heilt på ekte og sitte med den i handa. Det er ei kjensle eg unner alle, seier debutanten
Det kan sikkert verke som litt underleg at ein som skal gi ut si første bok vel å skrive under eit namn som ikkje her hans eige.

–Kvifor blei det psevdonym?

–Det var noko eg og forlaget kom fram til. Vi kunne gjerne tenke oss å gi boka ut på engelsk. Michael Cross har ein litt meir utanlandsk klang. Det blir betre å nytte eit engelsk namn på den utanlandske marknaden.

Og Michael Cross blei det. Han verkar ikkje som personen som likar å oppsøke offentlegheita. Kanskje dette kan vere ein av grunnane til bruken av psevdonym, men om det er sanning i det, er uvisst.

No ligg boka hans i bokhandlar og bibliotek frå Kirkenes i nord til Kristiansand i sør, Bergen i vest og Kongsvinger i aust. Boka er allereie i tredje opplaget.

–Eg var på hytta og såg boka på ein av bokhandlane på Lillehammer. Det var jo veldig artig å sjå noko ein har jobba så mykje med, eit stykke vekk frå heimen, ler forfattaren.

No, nærast eit halvt år etter utgiving, held forfattaren foredrag og boksigneringar på bibliotek rundt om i Noreg
På Herøy folkebibliotek var det fulldekka foredrag. Det blei stilt mange spørsmål. Spesielt angåande ein potensiell oppfølgjar.

–Boka har ein veldig open slutt. Blir det ein oppfølgjar?

–Eg har jo nesten lova det. Eg har fått god respons på den første boka. Det verkar som om folk allereie ventar på den andre. Det var ein bibliotekar eg snakka med som hadde allereie «bestilt» oppfølgjaren min, humrar han.
Forfattaren seier han har fleire manus liggande på datamaskina si.


Den 59 år gamle debutanten er eigentleg ingeniør, og har levd eit hektisk familieliv. Han er gift og har fem barn i alderen 17-29 år. Tida er hans herre. Han skriv for det meste når han er ute å reiser.

Vanlegvis brukar han namnet Gunnar Berge.

Boka handlar om den tidlegare Secret Service- og Navy Seal-agenten John Brodie. Han er blitt lei av det travle og spennande livet i felten.
Brodie får ein telefon frå ein vekter-ven av seg, som er redd for at nokon er ute etter å drepe han.

John Brodie blir draga inn i ein konspirasjon utanfor hans kontroll.


«Det første som dør i krig, er sannheten»
Hiram Johnson

Dette sitatet er det første som står trykt i romanen og seier mykje om tematikken ein møter gjennom det 456 sider lange verket.
Tittelen på boka heng openbart i tråd med dette sitatet, og er nøye utvalt av Gunnar sjølv.

–Ein ser ofte det første som blir tatt over i krig og konfliktar media. Ein vil ofte kontrollere media, og gi ut den «rette» sanninga, seier Gunnar.
Dette kan ein vel kanskje sjå i tråd med denne tidas fokus på falske nyheiter.

Etter ein kopp kaffi og laus prat, viser Gunnar fram ein plakat av framtida på thrilleren. Den er prega av eit F-16 jagarfly, teikna av ein illustratør i forlaget.

Han har fått mykje ros for måten han klarar å skildre det tekniske i romanen. Gunnar skildrar innsida av desse F-16 jagarflya med presisjon og nøyaktigheit. Ein skulle tru at han hadde fleire tusen flytimar inne i eit slikt jagarfly. Men sanninga er at han aldri har sett innsida av ein F-16.

–Korleis har du klart å skildre desse jagarflya så nøyaktig?

–Eg har studert bilete for det meste. Interessa i mekanikken bak desse tinga interesserer meg. Så det eg skildrar i eit F-16 jagarfly skal vere heilt korrekte. Dei visuelle verktøya har hjelpt meg mykje, seier han.

Det er tydeleg han har skriving som ein lidenskap. Han nemner at å skrive er hobbyen. Han føler seg ikkje pressa til å skrive. Det er noko han gjer for å ha det morosamt.

–Hadde du skrive på fulltid om du hadde sjansen?

–Det er ein draumejobb. Eg har verkeleg ei stor glede av å skape. Men eg veit jo ikkje kva bakdelar som følgjer med. Eg er heller ikkje ferdig med John Brodie, og om eg kunne disponere all mi tid til skrivinga, hadde det kunne fortalt historia hans vidare. Akkurat no er det tida som styrer skrivinga mi, seier forfattaren.

På veggen på kontoret hans heng eit verdskart med gule prikkar på.
–Eg har vore eigen sjef i 21 år. Kvar gule prikk viser kvar stad eg har reist til i verda, seier han.

Det er ikkje tvil om at han er påverka av USA. Handlinga av boka går føre seg for det meste i USA. Sjølv seier forfattaren at han alltid har vore sterkt tiltrekt av amerikansk kultur.

–Kulturen der er nærast magnetisk. Då eg var yngre hadde eg alltid hatt lyst til å reise til USA, men det blei ikkje før i 2007 det blei realisert, seier Gunnar

Den draumen har no blitt oppfylt fleire gongar. For der er ikkje akkurat mangel på gule prikkar i USA. Rundt ein tredjedel av klistremerka er i USA.

Kvar gule prikk viser kvar han har vore i verda

Han skriv mykje når han er ute og reiser, og klarer også å finne roa på hektiske flyplassar.

Det er på Sunnmøre han vanlegvis held til. Nynorskens heimland som det ofte blir kalla. Men til å vere oppvaksen og bu i nynorskens heimland, skriv ikkje Gunnar Berge på nynorsk.

–Eg har alltid hatt eit vanskeleg forhold til nynorsk. Eg las mykje på bokmål då eg var mindre. Nynorsken såg eg på som eit bryderi, og når eg kom på vidaregåande var det slutt, då bytta eg permanent til bokmål. Eg synst eg ytrar meg betre på bokmål også. Det skapar ein betre flyt i skrivinga mi, seier han.


Inspirasjonen kjem frå ein sterk fantasi.

–Eg skriv ned dei bileta eg ser i hovudet. Mange forfattarar snakkar jo om at dei har skrivesperre, men det har eg enda ikkje opplevd. Det har som regel gått flytande, seier han.

Forfattaren seier at det går fort når han skriv. Han informerer at tusen ord går raskt å skrive i råmateriale.

–Det er ikkje mykje som blir sletta når eg leverer manus. Det er mange forfattarar som snakkar om at dei sletta heile kapittel og delar av boka når dei redigerer den i etterkant. Slik som boka er no, er slik den har vore skrive, seier Gunnar.

No er i alle fall mysteriet om Michael Cross løyst. Bak det amerikansklydande namnet skjuler det seg ein 59 år gamal ingeniør frå Herøy med ein lidenskap for skriving. 

–Eg har verkeleg ei stor glede av å skape