I 2012 opna denne vegen nye dører, men har den gjort honndøler til sunnmøringar?

– Nei, Nordfjord-identiteten står sterkt. Eg er honndøl i Nordfjord, seier Kari Torheim (70).

– Nordfjording til eg døyr.

Fyrste januar 2020 vart bygda Hornindal ein del av Volda kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. Det er no fem år sidan.

Fram til det, var dei eigen kommune i Nordfjord, i gamle Sogn og Fjordane - innbyggjarane var nordfjordingar.

På eit lite småbruk på Lødemel i Hornindal heng klesvasken til tørk i solsteika, rett ved tunellopninga som bringa Volda ein time nærare.

Her bur Kari med mannen sin. Dei busette seg i Hornindal i 1979.

– Hornindal, eller Honndalen som vi seier, betyr mykje for meg. Sjølv om vi har flytta ein del før vi landa i denne bygda, er det her eg har budd lengst, seier Kari.

Torheim fortel at Hornindal med 1200 innbyggjarar ikkje kunne stå åleine som ein kommune.

Sidan Kvivsvegen opna for 13 år sidan, falt det naturleg at kommunane slo seg saman.

– Det har vore sterke band til Sunnmøre i tidlegare tider og. Sjølv om Volda kom nærare, identifiserer eg meg ikkje som sunnmøring. Bandet til Nordfjord er sterkare.

Men er andre i bygda einige?

Nede på Hornindal skule er Eldar Ekblom Lillestøl (15) også klar i sin tale om temaet.

– Eg har alltid vore nordfjording, eg var det når eg vart fødd, og eg er det til eg døyr.

Han fortel at dei i vennegjengen pratar om kva dei identifiserer seg som. Alle er honndøler.

Eldar er positiv til at nye sosiale tilbod til ungdom er innført etter at Hornindal vart med i Volda kommune. Han trekk fram ungdomsklubben i Grodås-sentrum som eit veldig fint møtepunkt.

Assisterande rektor ved Hornindal skule, Martha Stensvand (65), er sjølv frå Stryn, men har jobba i Hornindal i 41 år.

– Eg føler meg ikkje som sunnmøring, og høyrer til Nordfjord. Det er her vi alltid har vore, og trivst best.

– Vi har alltid hatt eit godt samarbeid med Volda, og Kvivstunnelen gjorde den jobben endå enklare. Sjølv om vi begynte litt på nytt, har det ikkje påverka korleis vi ser på oss sjølv.

På jobb på Coop Prix i sentrum, er 20 år gamle Hege Anett Nygård Seljeset på permisjon frå militæret. Ho er også oppvaksen i Hornindal.

– Eg føler meg som honndøl og nordfjording. Eg har alltid vore det, sjølv om eg er ein del av Møre og Romsdal.

Ho og venane hennar har blant anna framleis nordfjordbunad, og det følast ikkje naturleg å byte til sunnmørsbunad.

– Det verkar som alle er einige i at vi er nordfjordingar, men at dei eldre held seg som nordfjording, og vi yngre godtar i større grad å bli kalt sunnmøring, seier Hege Anett.

På andre sida av vegen, ligg butikken Lødemel Bok & Interiør. Her er ein av butikkeigarane på jobb, Bjørn Lødemel (66).

Han er også tidlegare ordfører og stortingsrepresentant i Hornindal.

– Eg har vakse opp i Hornindal i Nordfjord, så eg er honndøl. Samtidig har vi sterk tilknytning til Sunnmøre, noko som har påverka næringslivet stort, seier Bjørn.

Han meiner at grensene kjem til å bli viska ut i større grad, og synest det er viktig at ein ikkje fokuserer på kampane om negative ting

– Vi er alle vestlendingar, som er omringa av dei same fjella, fjordane og folka.

Tilbake på Lødemel viser Torheim fram forkleet til nordfjordbunaden. Den er sterkt knyta til identiteten i Hornindal og Nordfjord.

Torheim har hatt akkurat denne bunaden i mange år, heilt til barnebarnet arva den.

– Sunnmørsbunad vil nok ikkje gjere sitt inntog her i bygda med det første.