Skatten på Berge gard

Fotografen frå Berge

Andreas Berge tenkte kanskje at han ikkje hadde ei framtid i Herøy. Skaden han fekk som 6-åring hindra han frå å gå nokon av dei naturlege vegane for ein gut ved inngangen til det tjuande århundret. Ikkje kunne han bli fiskar, ikkje bonde, ikkje kunne han dra i militæret, eller reise til Amerika. Kva gjer ein da som 15 år gamal gut, i Herøy for 120 år sidan?  

Andreas blei fotograflæring, tok utdanning, og 17. oktober 1905 tek han sitt første fotografi. Det skulle bli starten på ein karriere og eit liv som fotograf. 

Nesten 118 år seinare..

Ein marsdag i 2023, ligg det og snø. I eit lite kontor på Høgskulen i Volda sit ein mann i raud skjorte og med firkanta briller. Magnar Hjertenæs er barnebarnet til fotografen frå Berge.

I eit hjørne står ei grøn fruktkasse. I kassa ligg det ikkje frukt, men ein 400-500 glasplater. Magnar bøyer seg ned og plukkar forsiktig opp ei av dei. Han veit akkurat kor ho ligg. Han tek forsiktig i plata, som om det var ein nyfødd unge. 

Andreas sitt første negativ

Bergegarden kledd i snø på ein oktoberdag for lenge, lenge sidan. Sjølv om fargane leikar bakvendtland kan ein framleis sjå dei dei tre små jentene på stien. Bakken ser svart ut, men er eigentleg dekket av kvit snø. I bakgrunnen står låven med torvtak, der Andreas hadde sitt aller første mørkerom. Her, og i atelieret han etter kvart fekk, gøymte han bort minne frå Herøy.  

På døra heng eit stort bilete, av ein staseleg kledd ung mann. Det er bestefaren til Magnar – Andreas Berge. 

Item 1 of 3

Fotografbesøk på tidleg 1900-tal var ikkje billig, ei luksusvare, som de fleste berre tok seg råd til ved spesielle anledningar. Andreas knipsa mange oppstilte bilete av lykkelege par, dåpsbarn og skuleklasser. Her er navn på kjøper notert med snirklete skrift i systematiske protokollbøker.

Blant negativa finst og bilete utan namn på kjøpar. Fotografen drog ut og fanga augeblink av eiga interesse. Desse bileta bidrog ikkje inn på bankkontoen. I ettertid sa han: 

«Fiskarar og bønder var ikkje dei som kom til fotografen i utide. Da måtte fotografen komme til dei» 
Andreas Berge
- Det var nok et slit veldig mange gonger å klare å halde bedrifta i gang. Bestemor fortalde at det ofte kunne vere vanskeleg med pengar.
Magnar Hjertenæs

Bergefamilien klarte å komme seg gjennom vanskelege stunder. Andreas og kona Mathilde, som han gifta seg med i september 22, skapte en heim og eit flott liv på Berge. Saman fekk dei tre døtrer.

Faren som fotograf- Dei tre døtrene til Mathilde og Andreas Berge. Marie Nikoline (1923), Alfhild (1926) og veslejenta Nikoline (1929), seinare mor til Magnar.

Etterkvart som dei veks seg vaksne finn dei kvar sin mann. Yngstedottera Nikoline giftar seg med Rolf Hjertnæs frå Selje i 1952. Snart flytter dei to inn med det aldrande ekteparet.  

Det er fortsatt mykje futt i fotografen som no er på vei inn i 70-åra. Han kjøpar seg ein trehjulsmotorsykkel slik at han framleis kan farta rundt og treffe folk. 

Nokon år seinara,19. juni 1960, døyr Andreas Berge 74 år gamal. Da etterlet han fotoskatten til familien å ta vare på. Dottera Nikoline bur på garden saman med mora, mannen sin og sonen Atle Kjell. To år seinare får dei sitt andre barn, Magnar.  

Neste generasjon

Då Magnar vaks opp ringte det stadig i telefonen på Berge gard. Kunne mora finne bilete av Egil sin gamle båt? Margit sin konfirmasjon? Svaret var som regel ja. Stadig fekk nye familiar glede av arven etter fotografen frå Berge.

I 40 år dreiv ho på ved kjøkkenbordet. Alle bileta var notert med nummer i protkollbøker, men på dette tidspunktet låg ingen glassplater i rekkefølgje. Da var det berre ein ting å gjere:

 

 -Ho satt med ei eske bilete, og så bladde ho seg gjennom. Mamma hadde ei utruleg evne til å klare å finne bilete av personar frå området.

 

Mange år går og i 2009 døyr mora til Magnar. Spørsmålet om kva som skal skje med bileta no, opnar seg. Så blir det brann i nabohuset til Berge gard, der bileta ligg lagra.  

 

- Da begynte eg å tenkje på dei bileta som låg i låven. Det var eit spark bak for å komme i gang, fortel Magnar.

Magnar reiser til låven på Berge og plukkar med seg kasse på kasse med negativar. Det tek fleire bilturer. Totalt er 9000 igjen av dei nesten 22 000 ulike bileta som ein anslår at bestefar Andreas tok.

Teknologien gjer det no mogleg å få desse skanna inn, og oppbevare dei trygt i digitale arkiv. Det begynner Magnar med i 2013.

Etter ti år har han no berre 500 bilete igjen å digitalisere.

Eit utvalg av dei digitale bileta deler han på heimesiden Galleri Berge. Her, og gjennom foredraga sine, vil han gjere skatten tilgjengleg for alle.

Magnar har gitt ut bok der han tek lesaren inn i bestefaren sit univers:

"Horisonten til veggar og himmelen til tak"

Tittelen har han henta frå eit intervju bestefaren gav.

- Eg var ikkje i tvil om kva som skulle bli tittelen på boka. Det var eit poetisk utrykk for slik bestefar så verda, seier Magnar.

Slik var det for Andreas Berge, der han gjekk frå gard til gard, frå bryggja, til kyrkja. Han fekk oppleve livet, døden og alt det i mellom.