Treffpunkt for suksess

Vegen til medalje

I eit gøymt lokale i Fosnavåg sentrum, er det ein 16-åring som trenar til EM. Køen må treffe perfekt for at kula skal gå rette vegen.

Robin Hauge Pettersen reiser frå Gjerdsvika til Fosnavåg nesten kvar dag for å trene. Staden er Kometen biljardklubb, der kompisar har samlast for å spele, konkurrere og sosialisere sidan 1992.

Med fleire talentfulle spelarar er Fosnavåg verkeleg på kartet i biljardverda.

Robin drøymer om å kunne leve av å gjere det han likar best.

– Når eg spelar biljard, så tenkjer eg berre på spelet. Eg slepp unna alt anna, seier han.

Privat foto.

Heilt sidan han var 13 år har han delteke i Junior EM. I fjor sommar kom han på tredjeplass i Slovenia. I Junior VM i India i november i fjor, kom han på niandeplass i konkurrranse med 70 andre.

I slutten av mars reiser Robin til Tallin for å konkurrere i senior EM. Der skal han møte 200 andre konkurrentar. No er han tidenes yngste spelar for Noregs landslag i biljard.

Ein biljardkamp kan vare i over tre timar. Turneringar kan vare enda lenger. Det er tydeleg at ein vert mentalt sliten.

– Dagen før konkurranse spelar eg ikkje biljard i det heile tatt. Eg prøvar å roe nervane med musikk og avslapping, fortel Robin.

Robin trivast godt i biljardmiljøet på Kometen.

– Eg trur denne staden betyr mykje spesielt for dei eldre som er her og spelar kvar dag. Det er veldig sosialt, vi konkurrerer mykje og snakkar taktikk.

Robin får sponsa utstyr frå USA til om lag 60.000 kroner.

Håkon Storøy, var ein av grunnleggerne av Kometen. Han fortel om eit rusfritt ungdomslokale som foreldra kunne sende borna til utan bekymring.

– I dag er det ikkje same konsept, no har vi berre biljardbord. Men vi har eit par ungdommar som spelar jamnt og trutt, slik som Robin. Vi er rundt om på skuler å prøver å rekruttere fleire unge, fortel Storøy.

Bjarne Pettersen er ein av veteranene i Kometen biljardklubb. Han er glad for at Herøy har kome på verdenskartet når det gjeld biljard. Han er spesielt stolt over supertalentet, Robin.

– Det er ekstra kjekt når vi har spelare i klubben som gjer det så bra.

Pettersen har hatt stor glede av å ta del i biljardmiljøet på Fosnavåg. Han inviterer alle erfarne og uerfarne biljardentusiaster.

–Alle er hjertelige velkomne til å spele her på Kometen biljardklubb, avslutter Pettersen.

Tekst og foto: Kaja Haukaas Brusdal & Sigyn Leversund