Vikingar var mange ting, men kven skulle tru at ein viking kunne være Ramsteinfan, HarryPotter-nerd og sosionom? Sigrid-Anette Vatne er viking i 2018. Ute på Vatne i Ørsta bur ho med dottera si, hunden Igo og stundom kjærasten hennar, Øystein.

Eit moderne vikingliv

Det Vatne driv med er det ein kallar reenactmentpå engelsk, eller levande historie på norsk.

— Det er lett å seie eller tenke at folk "kler seg ut", men eg vil heller seie at ein trer inn i historia. Dette er fordi vi har på oss plagg som er laga på same måte som i vikingtida. Når ein kler seg ut så handlar det berre om plagget ikkje sant, og ikkje kven ein er eller kven ein blir. Det er dette at du blir ein del av ei levande historieformidling som appellerer til meg, då, forklarar ho.

Vatne er med i ei gruppe som kallast Møre Frie Vikingar. Der møtast dei og lever som vikingar, med alt det fører med seg. Ho er framleis det ein kallar ein byrding. Det betyr at ho framleis er på ei slags prøvetid. Prøvetida varar i minst seks månader.

Som byrding har du oppgåver som du må utføre, før du kan bli ein offisiell medlem. Du må lære deg å slynge tråd, du skal skjære deg ut ein trebolle du kan ete av, og sy ein linpose du kan oppbevare ustyret ditt i. Du lagar deg eit slags "starterkit" forklarar Vatne

Ho forklarer meg at krava for å bli med i vikinglaget ikkje er særskilt høge, og at kven som helst eigentleg kan få være med.

—   Alle som er interessert i historia, og som nærtsagt ikkje er rasistar. Kulturen er der for alle som har lyst til å sjå den, oppleve den og ta del i den, sier Vatne.

Laget er altså for alle, og har medlemar i alle aldrar. Den eldste er over sytti og det yngste er berre fem månader. Noko av det viktigaste med vikinglaget, trur Vatne, er at folk får ein stad å møtast. Det er eit spesielt viktig tilbod til dei som ikkje har noko å gjere på fritida. I Møre Frie Vikingar finst det folk frå alle sosiale lag, for nokre er det eit møte å sjå fram til, for andre eit pusterom frå ein hektisk kvardag

Ei livslang interesse

Vatne har alltid vore interessert i historie. Ho fortel meg at hennar mest stilte spørsmål som lita var "kvifor det?". Slik blir ein interessert i historie fortel ho, fordi det er i historia at dei fleste svara finst. Slik gikk det til at ei interesse for vikingtida vaks fram i ho.

Ho, som andre, har blitt inspirert av populærkulturen, men ho synst det er irriterande at filmane og seriane ikkje er historisk korrekte.

Kven går ut i et slag i bar overkropp, liksom?

Vatne driv med mykje vikingrelatert og tilhøyrer også åsatrua. Det starta da ho fikk høyre om Åsatrufellesskapet Bifrost. Ho forsto at dei delte mange av dei syna ho hadde på livet. Dei hadde ei openheit for religion og spiritualisme, som ho hadde leita etter. Ho meldte seg rett ut av kyrkja og rett inn i Bifrost. Sidan har ho ikkje sett seg tilbake.

I Bifrost driv dei blant anna med blot. Blot, forklarar Vatne, betyr at ein ofrar noko. Det treng ikkje bety at ein må drepe eit dyr, det har dei til dømes ikkje gjort, sjølv om dei ikkje har nokon reglar mot det.

Vatne forklarer at det ikkje finst mykje litteratur på bloting, men at dei i hennar fellesskap har fire tradisjonar i måten dei blotar på. Du kan grave ned det du blotar, du kan setje fyr på det, setje det ut i marka eller leggje det på vatnet.

At ho skulle bli med i Møre Frie Vikingar var eit tilfeldig samantreff. Saman med ei venninne frå Bifrost har ho laga mjød. Då ho snakka med ei anna venninne som jobbar på eit museum i Ålesund om mjød, vart ho invitert til ein middelalderfestival. Der møtte ho på medlemmar frå Møre Frie Vikingar, og ho fekk tilbodet om å bli byrding.

Mjøden som på mange måtar starta det heile har blitt ein tradisjon for ho. Ho minnes den fyrste gongen ho og venninna skulle lage mjød.

—   Vi fór ut og svidde av masse pengar på honning. Vi lagde fyrst blanding, og ettersøta godt med honning også. Vi gløymde berre av at mjøden vert søtare desto lengre han står.

Jentene lét seg ikkje skremme, og laga ein blanding til som var mykje betre. Derifråhar det blitt ein familietradisjon i heimen til Vatne. No har dei halde på ifem år, og har planar om å utvide med større produksjon og etter kvart sal.

—   Er det ikkje det dei seier, at etter tre år er det ein tradisjon, smiler Vatne.

Det var også i Møre Frie Vikingar at ho møtte kjærasten Øystein Lie, som ho seinare fekk dottera Odale med.

Å kombinere familieliv og vikingliv kan høyrast ut som ei utfording. Det er det ikkje, om vi skal tru Vatne. Ho seier at vikinghobbyen er ein av dei få som ho har klart å kombinere med å være mor. Ho har til dømes spelt fleire år i korps med fleire øvingar i veka, men vikingaktivitetane skjer som oftast på helg.

I helgane kan ho og kjærasten, som jobbar borte i vekedagane, finne tid til kvarandre. Da drar dei gjerne på marknader og treff, og er vikingar saman.

—   Vi har ei litt anna oppfatning av romantikk enn andre, vedgår ho.

I og medat Vatne praktisk tala er åleinemor i vekedagane, meiner ho å ha funne denperfekte hobbyen. For det er ikkje berre i helgane at hobbyen dyrkast.

—   I vekedagane kan eg sitte etter dottera mi har lagt seg og pusle med å sy vikingklede, medan eg ser på TV, seier ho.

Ho syr klede til både seg sjølv og dottera. Kjærasten, Øystein, har også sydd ei hette til dottera. På den har han brodert odalsruna etter namnet hennar – Odale.

Vatne forklarer meg at dei ynskjer å ta tilbake runa etter at mange høgreradikale har teke til å misbruke runa. Ho har fått kommentarar på det, men då har ho ein enkel kommentar å kome med.

—   Eg brukar runa, dei misbrukar henne.

Då vi nærmar oss slutten på intervjuet spør eg Vatne om det er nokre siste ord ho vil ha med. Er det noko eg ikkje har spurt om, eller noko vi ikkje har prata nok om?

Ho ynskjer at vi pratar litt meir om korleis dei høgreradikale har teke til å bruke norrøn mytologi og symbola frå den. Ho synest det er trist at dei stel kultur som dei ikkje har nokon rett på, og som ikkje har noko med deira ideologi å gjere. Ho poengterer også at det er historielaust. Igjen drar ho vekslar på historiekunnskapanesine for å vise kvifor. Det er nemleg gjort DNA-funn i viking graver som tyder på at dei som låg der hadde persiske anar, då blir det heilt gale å skulle ta i bruk norrøn symbolikk for å fremme ein rasistisk bodskap, forklarer ho.

Vi snakkar om Deeyah Khans dokumentar "I møte med fienden", vi snakkar om korleis ho klarer å omvende rasistane. Vi snakkar om kvifor dei er ignorante, og om at dei fleste av dei kun hatar muslimar fordi dei aldri har møtt ein muslim.

Eg ser på utrykka i ansiktet hennar at denne saka plagar ho. Ho blir sint. Det er få ting som irriterer Vatne meir. Ho berre hatar dei "nassefantane".