Volda Grand Prix arrangerast for 20. gong

Før det
smeller

Det øves før den store kvelden

Det er røyklagt inne på Volda campus Sparebank 1 arena.  Tribuna er bortimot tom, men på scena er det full rulle. Klasse 9c frå Volda ungdomsskule bryter stillheita med song, der dei hyller helsetenesta. Kvelden 7. april skal det braka laust med sang-og dansekonkurransen Grand Prix. Her skal vekesvis med førebuing og trening komme til syne for omlag 1500 menneske.

Thea Brenne Nedreklepp, Adele Rånes Rangsæter, Marius Liaskar Bjervik og Eirik Larsen Hasle går i 9C og framfører "Ein hyllest til helsevesenet".

– Eg gledar meg skikkeleg, fortel Adele Hånes Rangsæter.

– Eg er også veldig spent, legg Eirik Larsen Hasle til.

Dette fortel dei to elevrådsrepresentantane i klasse 9c ved Volda ungdomsskule.

SPENTE: Eirik Larsen Hasle og Adele Hånes Rangsæter er spente for premieren. FOTO: Hanna Enger Guttormsgaard

Ut av komfortsonen

Eirik ser fram til premieren og synes det er kjekt.  Adele påpeikar derimot at ho er noko nervøs for det som skal skje i kveld.

– Eg er litt nervøs fordi eg har mange vennar og famile som skal komme og sjå på. Eg håpar at det blir bra, fortel elevrådsrepresentanten.

Når ein skal framføre for eit stort publikum er det lett at nervane kan slå seg vrange. Då er det godt å ha eit triks i lomma.

– Så lenge det ser ut som du veit kva du gjer, ser det bra ut, seier Rangsæter.

Gjev pris

Klasse 9c er ein av tolv klasser som skal konkurrere om ein gjev pris. Pallplassane blir løna med ein pengepremie som klassene kan nytte slik dei vil.

I tillegg vil ei klasse bli tildelt Fair Play-pris for å ha vore hjelpsame for andre klasser. Og Fair Play-prisen blir like høgt verdsett som førstepremien.

Grand Prix-generalen

Klaus Blø er den ansvarlege for Volda Grand Prix, eller “generalen” i følgje han sjølv. Han fortel at elevane har jobba heile året med å førebu Grand Prix.

– Dei trenar på dans i musikk- og gymtimane, og så skriver dei tekstane i norsktimane.

Mesteparten av arbeidet skjer likevel i “Grand Prix-veka”, fem dagar før showet.

– Då er det tolv timar med jobbing kvar dag. 

Erfaringer og nye venskap

Sjølv om det er knallhard jobbing på kort tid ser Blø at jobbinga gjer noko heilt spesielt med klassemiljøet.

– Det er heilt ekstremt positivt for det sosiale. Folk blir kjent med kvarandre på ein heilt spesiell måte.

Har vore med sidan starten

Heilt sidan starten i 2001 har Blø vert med. Ideen fekk han og ein kollega frå Sula ungdomskule, som på den tida hadde satt opp Grand Prix i over 20 år, ifølge Blø. 

– Det at det var så vellukka på Sula gjorde at vi opna opp for at vi sjølve kunne bruke ein heil skuleveke på andre ting enn fag.

Heilt frå første gong merka Blø kva for ein effekt det hadde på skulemiljøet. Sidan har så godt som alle elevar som har gått på Volda ungdomskule vore med på å danse, synge og lage show for foreldre, søsken og alle som ynskjer seg ein heidundranes fest. 

Sjølv om 20-års jubileumet markerast i år har sjølve arrangementet faktisk heldt på i 22 år. Dette skuldast at Blø ikkje tar dei to åra med korona med i tellinga. Han legg til at dei om tre år skal feire 25 års-jubileum likevel. 

– Matte er ikkje heilt vår greie, ler Blø. Vi er jo tross alt berre på grunnskulen. 

– Det har ikkje vore “ordentleg Grand Pix” dei siste to åra.

I 2020 blei showet avlyst på grunn av pandemien. I 2021 herja forsatt koronaen. Da måtte Blø komme opp med ei kreativ løysing.

– Vi satte opp ein green-screen i gymsalen og skulle live-streame kvar opptreden til elevane som satt i kvart sitt klasserom og følgde med. 

Til alle si glede opna Noreg opp dagen før showet, og avstandsreglar forsvann over natta. Elevane fekk lov til å samle seg i aulaen på skulen og igjen føltes alt nesten som normalt.

– Du skulle følt på stemninga i rommet. Det var fyrste gong på lenge folk i det heile tatt kunne sitte ved siden av kvarandre, seier Blø.

For Iver Harnes Grønning, Vetle Koppernes, Eskild Kleiven Nederlid, Birte Krumsvik og Olve Dalebø Mork er dette fyrste gongen dei har show på Grand Prix-scena. Dei er alle veldig spente på kvelden.

– Vi vonar på topp tre, ler Eskild.

Dei skal ha eit viking-nummer.

Ein kan merke at Blø er stolt. Til trass for ei hektisk veke er det kun ein ting han håpar på for kvelden. 

– At elevane er fornøgde med seg sjølv når dei går av scena. Her er det elevar som vanlegvis slit med å stå framfor si eiga klasse, og i kveld skal dei tørre å stå på ein scene framfor over 1000 tilskoderar. Det er heilt sjukt.

Da alle stemmene var talt opp var det 9c sin "Ein hyllest til helsevesenet" som gjekk av med seieren.

Til saman 1400 tilskodarar hadde samla seg på tribunane for å sjå.

FOTO: Ove Krumsvik