Adil og den gode hjelparen

– Eg blir psykisk sjukare av å bu her, men det hjelper å snakke med Geir, fortel den unge mannen. Geir Sæther (47) er den fyrste personen i Noreg «Adil» er trygg på. – Alle har ei historie. Det gjeld å la dei fortelje, seier Sæther.

Han kom til frå Irak til Noreg då han var femten. La oss kalle han «Adil», for han vil være anonym. Han ynskjer ikkje trøbbel med naboane i dei kommunale bustadene i Røyslidvegen. Der er nok problem allereie.

Han er tidlig i tjueåra. Før jobba «Adil» som bilmekanikar, og hadde råd til eige hus. Men han blei nøydd til å slutte i jobben.

– Hjernen forandrar seg frå ein dag til ein annan. Plutseleg klarte eg ikkje meir, seier «Adil»

Då han blei myndig, ville «Adil» bu for seg sjølv, på grunn av det han kallar problem i familien. For nesten tre år sidan fekk han den vesle kommunale hybelen. Men han reiser mykje vekk.

– Eg klarar ikkje å vere glad når eg er her. Eg reiser ofte og bur hos vener andre plassar i landet, seier “Adil”.

"Eg blir redd, og kjenner meg trua når det er mange menneske rundt meg"

Fortida

«Adil» har opplevingar frå både Irak og tida i Noreg som gjer han uroleg.

– Det har skjedd fleire vonde ting i livet mitt, men eg klarar ikkje prate om det, forklarar han mens auga flakkar.

Alkohol har blitt ei løysing for å slappe av.

– Eg brukar ikkje narkotika. Det skal aldri inn her, men eg drikk mykje om kveldane. Når eg drikk er det for å få sove eller for å gløyme. Eg likar ikkje å tenke, så eg prøver å fjerne tankane frå hovudet.

“Adil” prøver å ikkje få i seg for mykje alkohol.

– Eg prøver å stoppe før eg blir for full, men nokre gonger drikk eg så eg spyr.

"Eg elskar musikk, og leikar meg som dj heime. Eg veit eg speler høgt, men viss eg mistar musikken, har eg ikkje mykje å leve for"

Utriveleg
Vindauga i hybelen er svært tynne og karmane er slitte. Dei slepper inn mykje kulde om vinteren, og «Adil» høyrer ting som skjer på utsida. Ofte har han høyrt bråk.

– Eg høyrer slåssing og roping midt på natta. Eg har det ikkje noko bra her.

Det er to kokeplater til å lage mat på. Ein liten omn som heng øvst på veggen på badet skal varme opp heile hybelen. Han søv, slappar av og lagar mat i rommet som er stove, soverom og kjøken.

"Om vinteren vert det veldig kaldt fordi vindauga er så tynne"

Bankar på
Mens vi sit og snakkar i den vesle hybelen til «Adil», stikk ein mann hovudet inn det opne glaset. Med rusten stemme spør han om å byte to sigarettpapir mot eit par øl.

«Adil» seier at han ofte blir oppsøkt slik.

– Folk bankar på for å spørje om eg kan selje dei dop, men eg har ikkje dop. Her er ein møteplass for narkomane. Dei oppe har ofte besøk og då banker dei på hos meg for å få kome inn.

Her kan du lese kva ein annan bebuar fortel om rusmiljøet.

Han likar seg best åleine.

– Når det er mykje folk og lyd, blir får eg angst og blir redd. Eg kjenner meg trua, seier «Adil».

Den gode hjelparen

Han klarer ikkje hugse nokre gode opplevingar frå Noreg. Han seier han ikkje stoler på nokon, men ein mann er ulik alle andre.

– Ein person er eg glad i. Geir Sæther er den beste kontaktpersonen eg har hatt. Når eg har ein dårleg dag og er sint, blir han ikkje sur på meg. Han er heilt roleg og seier han forstår det. Han skjønner meg, fortel «Adil».

Geir Sæther er miljøarbeidar i rus- og psykiatriteamet i Volda. Dei er sju som reiser rundt og hjelper ca. 140 personar som treng støtte i kvardagen. Han meiner jobben handlar mykje om å ikkje sette merkelappar.

– Når eg jobbar, møter eg eit menneske, ikkje ein «rusmisbrukar». Eit menneske som treng litt ekstra hjelp med kvardagslivet, seier han.

Sæther opplever at folk treng rom til å fortelje historia si.

– Då må vi skape det rommet og la dei snakke. Kanskje har dei aldri fortald nokon om livet sitt før. Kanskje er det ei vond historie. Vi kan ikkje alltid løyse problema på kort sikt, men vi kan vise forståing for at det er vondt.

Ikkje ideelt
Geir kjenner seg igjen i problema «Adil» beskriv i nabolaget.

– Det er ikkje vanskeleg å tru på at det er dårleg for psyken hans å bu i Røyslidvegen. Det er ei utfordring å hjelpe folk når omgjevnadane trekk i motsett retning. Her sit ein ung mann og tenkjer at «den plassen eg bur er ikkje bra for meg». Det må vi bry oss om. I ei ideell verd hadde han ikkje budd sånn, meiner Geir.

Vere der
Jobben i rusteamet kan vere tung når Geir Sæther ikkje får gitt den hjelpa han veit han kan gi.

– Nokre gonger har ein person slutta å bry seg om seg sjølv. Då er det viktig at vi andre bryr oss. Det kan vere vondt og vanskeleg å hjelpe folk som ikkje vil ha hjelp. Men eg kan ikkje tillate meg å snu meg og gå unna.

Han meiner alle kan bry seg litt meir.

– Folk i Volda er flinke til å hjelpe andre, men mange kan bry seg endå litt meir. Det er viktig at vi ikkje tenkjer at dei som slit er annleis eller mindre verd enn oss sjølve. Då blir det vanskeleg å hjelpe, avsluttar han.

«Mindre åleine saman»

Målet med TV-aksjonen 2018 er å gjere Noreg til eit varmare samfunn. "Mindre åleine saman" heiter prosjektet som skal hjelpe dei som står utanfor fellesskapet. Det er Kirkens Bymisjon som er ansvarleg.
Her kan du lese meir om årets TV-aksjon, og melde deg som bøssebærar.