– Vi tør ikkje sove på rommet vårt

Del 2: Rusmiljøet

–      Det er heilt koko at dei puttar barn her! 

Del 1: Les barna si fortelling her.

Han blir berre kalla PM. Eigentleg er han frå andre sida av fjorden, frå Rovde, men han har budd i området i 20 år. Neste år blir han femti. Han har aldri hatt sitt eige hus, berre budd i skogen eller på sofaen hos venner.

–     Andre narkomane misunner meg blodårene mine fordi dei er så synlege, men eg har aldri brukt ei sprøyte, fortel han, og viser fram glatte, solbrune armar.

PM likar best å røyke stoffa han rusar seg med. Han påstår at ein kan røyke det meste,og han vil ikkje slutte.

–      Eg har vore på avrusing berre eingong, i fjorten dagar. Aldri meir, eg har ikkje trua på det.

Uroleg plass

PM fortel at det ofte er ambulansar og politibilar på besøk i nabolaget. Han seier det er vanleg med krangling og slåsting, og at folk har tatt overdosar fleire gonger.

–      Ei helg for nokre veker sidan var det ein barnebursdag her. Då stod ein full mann med buksa nede og tissa midt på lysedagen. Dei stakkars ungane såg jo alt, fortel PM.

PM har høyrd haglskot, og han hugsar at for mange år sidan var det ein kar som skar hol i taket sitt med motorsag. Han fortel at iblant endar kranglinga med knivstikking.

–      Ungane må jo bli øydelagde av å bu her. Norske familiar hadde flytta på dagen, og heller budd på loftet hos ein slektning. Men desse familiane har ikkje nokon plass å dra.

Ein plass i sola

JanTeigen og Bob Dylan heng på veggane inne, PM er glad i musikk. Utanfor har han laga det han kallar ei sommarstove. Der står ein sofa, nokre stolar og eit bord. På veggen har han måla med lys og mørk blåfarge, og hengt opp to bilete.

–      Det er her vi sit når det er fintver. Då kosar vi oss, seier PM.

Når det regnar, må dei halde seg inne. Det er ikkje mykje plass i dei små, mørke hyblane.

–      Kva tenker du om at barna også vil leike her ute når det er sol?

–      Eg veit at ungane er redde for rusfolk, og det er eit sterkt rusa miljø her. Men eg er berre snill med dei. Alle barna her kjenner PM, dei er ikkje redde for meg, seier han. 

–      Den einaste personen eg er stygg med, er meg sjølv.

Kvifor bur barna her? Les kva dei ansvarlige svarar.