– Vi tør ikkje sove på rommet vårt

I dei kommunale bustadane i Røyslidvegen og Smalebakken i Volda bur 19 barn. Dei deler inngang med rus, vald og bråk. Politiet har vore i nabolaget over 170 gonger sidan januar 2016.

William (5) og Julia (10).

William (5) og Julia (10).

–      Vi tør ikkje å sove på rommet vårt, seier Cristina (9) og Julia (10).

–      Vi høyrer dei rope og krangle utanfor vindauget om natta. Vi tenker at nokon skal banke på, fortel dei.

No søv dei to jentene på soverommet oppe saman med veslebror William (5).

Familien kom frå Eritrea til Smalebakken for to år sidan. Pappa jobbar med reinhald og mamma Feven (36) går på skule og lærer norsk. Ungane går i barnehage og på skule i Volda. Dei snakkar allereie prikkfri sunnmørsdialekt.

–      Dei er snille dei som drikk, seier Cristina.

–      Ja, men når dei blir fulle, er dei skumle, forklarer Julia.

I sommar leika jentene med broren William på trampolina mora hadde kjøpt til dei.

–      Ein morgon i juli såg vi at nokon hadde skore fleire hol i trampolina vår. No kan vi ikkje bruke ho meir, fortel Julia.

Cristina (9) leiker med veslebror William og storesyster Julia.

Cristina (9) leiker med veslebror William og storesyster Julia.

Tett i tett

Når vi går inn hovuddøra i dei kommunale bustadane ser vi tre dører. Til venstre og høgre kan ein gå inn til to små eittromshyblar på rundt femten kvadratmeter. Døra rett fram går til ei større leilegheit med eitt soverom i fyrste etasje og to i andre. 

I dei små hyblane bur det einslege folk. Dei fleste er menn. Mange har problem med rus.

To av familiane vi har prata med lar ikkje ungane sove i rommet nede. Der kan det bli bråk og ekkel lukt. Vindauga ut mot vegen er tynne, og foreldra er redde for at noko skal skje.

Ut i sola

Chokri (29) og mannen Hussain (34) har tre søner. Dei kom frå Somalia i 2014. I tre år har dei budd i Røyslidvegen.

–      Eg sprang gravid frå bombene i Somalia. Alle borna mine er fødde i krig. Eg tenkte at i Noreg ville vi få det trygt, seier mamma Chokri. Ho fortel at barna spør henne kvifor dei må bu slik. Då veit ho ikkje kva ho skal svare.

Foreldra meiner at det er vanskelegast om sommaren. Når det er fint vêr, vil barna ut og leike. Dei som bur i fyrste etasje trekkjer også ut når sola varmar.

–      Eg likar ikkje at barna leikar utanfor huset. Fulle menn gjev dei is og godteri. Nokre gonger har dei spurt om ungane vil smake på alkohol, fortel mamma Chokri.

Fv: naboguten Bolad (6) Abdulai (7), Imran (8) og Adnan (10).

Fv: naboguten Bolad (6) Abdulai (7), Imran (8) og Adnan (10).

Fv: naboguten Bolad (6) Abdulai (7), Imran (8) og Adnan (10).

De tre barna til Chokri seier at dei leikar mest i krattskogen på baksida av husa. Framfor huset kan det være skummelt.

–      Eg er redd for å sykle forbi dei fulle folka, fordi dei roper at eg har stelt sykkelen deira. Men det er min sykkel, seier Imran (8), og etterliknar dei rusa mannsstemmene.

Storebror Adnan (10) er einig.

–      Vi kan ikkje leike der fordi dei drikk øl og seier til oss at dei vil vere med på leiken, og det vil vi ikkje.

Om kvelden er det bråk og lyd av fest utanfrå og nedanfrå. Særleg i helgane kan det vere mykje støy. Etter at nokon fleire gonger ringte på døra midt på natta, tok mamma Chokri batteria ut av ringeklokka.

Adnan fortel at nokon har kasta stein på vindauga. No søv han og dei to veslebrørne saman i andre etasje fordi det er skummelt å sove nede.

– Det er vanskeleg å sove med den høge musikken om natta, seier Adnan.

Ei dame i sofaen

Familien låser alltid døra. Ein gong gløymde ein av gutane å låse. Chokri stod og laga mat då ho høyrde nokre lydar frå stova.

–  Eg gjekk inn og såg at det sat ei rusa dame i sofaen. Då eg spurde om ho kunne gå ut, blei ho sint og ropte at eg måtte komme meg ut av huset hennar. Ho trudde ho var heime, og det tok lang tid før ho ville gå, fortel Shukri.

Også familien frå Eritrea har fått uventa besøk. Mamma Feven var på jobb, og ungane var heime åleine.

–      Vi var ute og leika, og då gjekk ein mann inn i gangen vår. Då vi kom heim igjen, fann vi fotspor med hundebæsj på teppet. Vi blei redde og ringde mamma, fortel eldstesyster Julia.

Eit annleis nabolag

Familien Dabbas kom frå krigen i Syria til Volda for fire år sidan. Pappa Adel (46) var farmasøyt i Aleppo, og har nettopp fått godkjend utdanninga si i Noreg. Kona er frå Ukraina og jobbar på apoteket i Hareid.

Dei har to søner på 10 og 17, og ei dotter på 14. For to år sidan blei dei flytta til Smalebakken frå kommunale bustadar i Volda sentrum.

Adel Dabbas (49)

Adel Dabbas (49)

Adel tykkjer det er viktig med hyggeleg stemning i nabolaget. Då dei flytta inn, prøvde han å bli ven med naboane.

–      Eg ville bli kjent, så eg inviterte på te. Den fyrste jula hengde eg ei julegåve på døra til naboen,fortel han.

Etter kvart skjønte Adel at dei no bur i eit litt annleis nabolag enn dei hadde gjort tidlegare. Frå klokka ti om kvelden til langt på natt, høyrer familien høg musikk. Sonen Abudi (10) likar ikkje at folk sit ute og drikk.

–      ­Når eg skal til skulen eller kaste søppel, er eg redd for å gå forbi dei. Dei har spurt meg om eg vil smake på ølet, hugsar Abudi.

Adel Dabbas og sonen Abudi (10)

Adel Dabbas og sonen Abudi (10)

Uventa hendingar

Ei natt høyrte Adel Dabbas at det var fest ute. Neste morgon skulle han ut og køyre med bilen,men det gjekk ikkje.

–      To av dekka var flate, fortel han.

Seinare fekk han han vite at to andre bilar også blei punktert den natta.

–      Eg ringde politiet, men dei kunne ikkje ta saka fordi eg ikkje veit kven som gjorde det. Det kosta meg 3000 kroner å erstatte dekka, forklarer Adel.

Sonen Abudi hugsar ei anna natt då det kom røyklukt nedanfrå. Pappa gjekk for å sjå kva detvar.

–      Det kom mykje røyk ut av leilegheita nede, og det lukta som om noko hadde tatt fyr.  Eg banka på mange gonger, men ingen svarte. Eg ringde brannvesenet, og dei fant ein heilt svart pizza som var gløymd i omnen, minnast Adel.

 –      Eg ber barna mine halde seg inne når sånne ting skjer. Eg vil ikkje at dei skal sjå det,

Han likar ikkje å klage, men han skulle ønske ting var annleis.

–      Eg er glad i naboane mine. Dei er ofte rolege og hyggelege. Men eg kan aldri vite når det plutseleg skjer noko. Eg vil at barna mine skal ha det trygt, seier han.

Bileta fester seg

–      Eg tør ikkje gå ut aleine, utan mamma og pappa, seier Bolad (6).

Han og broren Nahiéd (4) får ikkje leike utanfor huset. Foreldra er redde for at det skal skje noko. I helgene tar pappa Moniem (39) ungane med ut.

–      Eg tek dei med på ein lang tur,  til biblioteket, Mørehallen eller ein barnehage, seier han.

Moniem Suleiman og kona Maryam (36) måtte flykte frå Sudan til Egypt. Han er utdanna statsvitar og underviste i demokrati. Også Egypt blei livet deira utrygt.

FN ga det unge paret beskytting, og dei blei henta som kvoteflyktningar til Volda for seks år sidan. No er begge assistentar på Bratteberg skule. Moniem tar også ein master på høgskulen, mens Maryam går på vidaregåande skule i Ålesund. Dei har to små gutar som går i fyrste klasse og i barnehage.

–      Som mor blir eg bekymra når ungane mine heile tida ser alkohol og rusa folk, seier Maryam.

Ho er redd for at barna skal tru det er normalt å sitte og drikke heile dagen.

–      Uansett kor mykje vi seier at det ikkje er bra å ruse seg, får dei bileta av hasj og alkohol inn i hovudet. Eg vil at dei skal vite kva som er rett og gale, at dei skal bli trygge, gode menneske som kan bidra til samfunnet, seier ho engasjert.

–  Dei er ikkje slemme

Vesle Bolad blei redd då han høyrde politiet komme om natta, og såg lysa gjennom vindauget. Mamma måtte trøyste. No er han van med det, og vil bli politi når han vert stor.

–      Eg forklarte han at politiet er snille og berre vil hjelpe oss. No blir han ikkje redd lenger, men eg blir det. Sjølv om eg veit at eg er i eit trygt land no, sit frykta framleis i kroppen. Eg kjenner det kvar gong politiet kjem, fortel ho.

Maryam meiner likevel at det er gode folk som bur i fyrste etasje.

–      Dei høyrer på oss når vi ber dei skru ned musikken fordi barna ikkje får sove. Men neste dag skjer det igjen. Dei er ikkje slemme, men dei gjer dumme ting fordi dei er rusa.

Ho er takknemleg for å ha fått eit nytt liv i Noreg, men det er tøft likevel.

–      Nokre gonger gret eg og lurer på kvifor familien min må ha det sånn. Vi har kome til eit trygt land. Det er vi veldig glade for, men det er likevel ikkje trygt, seier ho alvorleg.

Vener på besøk

Dei eldre barna seier at dei ikkje har med venner heim frå skulen.

–      Vi har spurt, men dei vil ikkje vere med, seier Adnan, eldstebroren i den somaliske familien.

Abudi frå Syria hadde sitt fyrste fødselsdagsselskap i Smalebakken i fjor. Då hadde dei mange gjester, og det var eit kjekt selskap.

–      Men dei spurte kvifor det lukta såekkelt nede, fortel han.

Abudi har hatt med seg nokre venner heim frå skulen, men då leikar dei ikkje framfor husa.

–      Då går vi og leikar i skogen på baksida her.

Foreldra fortel at dei sjeldan møter andre barn i området. Dei trur dei held seg unna på grunn av rusmiljøet.

Imran (8), Bolad (6) og Adnan (10)

Imran (8), Bolad (6) og Adnan (10)

Vil ha løysing

Nokre av familiane har sagt frå til kommunen om at det er vanskeleg å bu på denne måten.

–     Vi får beskjed om å finne oss eit hus på den private marknaden, fortel mødrene Shukri og Maryam.

Det er for dyrt å bu privat for fleire av dei. Dei trur også det er vanskelegare for innvandrarar å få tak i leilegheit, at folk er litt skeptiske.

–      Eg har høyrt av ei norsk dame at det er folk som er redde for å leige ut til oss fordi dei trur det blir ekkel lukt av maten vi lagar, men eg og andre eg kjenner er forsiktige og held huset reint. Eg lurer på om det kanskje er andre grunner også, seier Maryam.

Frå fengsel til fridom

Moniem (39) og Bolad (6)

Moniem (39) og Bolad (6)

Moniem Suleiman og familien kom frå fengsel til fridom, frå krig til tryggleik, frå Sudan til Volda. Han vil at familien skal bli del av det norske samfunnet.

–      Vi har hus og vi har mat. Barna mine går på skule og har klede å gå i. Dei kan leike utan å høyre militærfly og bomber. I Volda har vi fått menneskeleg trøyst og støtte frå vener. Det er vi veldig takknemlege for, kona mi og eg, seier han.

Likevel burde det vore betre.

–      Det er ikkje bra å plassere alle flyktningar saman i eit belasta område. Vi skaper større skilnader mellom oss og andre. Vi er nøydde til å bidra saman, og finne ei betre løysing her i Volda, seier han engasjert.

Etter at saka blei laga, har familien Suleiman sjølv funne seg ein ny plass å bu. Dei flyttar inn i oktober.

DEL 2: Røyslid-hippien fortel om rusmiljøet i nabolaget.

Kvifor bur barna her? Les kva dei ansvarlege svarar.